Morrowind-designer bryner seg på iskaldt overlevingsspel

Rollespelveteranen Ken Rolston har fått ny jobb hos The Long Dark-studioet.

Når verda går under i eit spel er det som regel store krigar eller hordar av zombier involvert. I The Long Dark er scenarioet eit heilt anna. I dette overlevingsspelet frå bransjeveteranane i Hinterland Studios har ein geomagnetisk superstorm slått ut all elektronikk. Plassert i kjølige Alaska blir di største utfordring å overleve, både i møte med kulda og mot folk som kan ty til desperate tiltak for å sikre seg og sine.

I ei fersk pressemelding fortel Hinterland Studios at dei har hyra inn Ken Rolston som designer. For dei som ikkje kjenner dette namnet var Rolston sjefsdesigner på The Elder Scrolls-titlane Morrowind og Oblivion. Han starta karriera si med å designe tradisjonelle penn og papir-rollespel.

Ken Rolston sjølv uttrykker i pressemeldinga glede over sin nye jobb:

«Då eg såg dei tidlege konsepta for The Long Dark blei eg fascinert, audmjuk, og desperat etter å få vere med. Etter kvart som konsepta blomstra blei eg berre meir desperat. Eg har erfaringa, ambisjonane og tørsten. No må eg berre finne noko nytt og verdifullt eg kan bidra med til dette inspirerande spelet. Det er ei herleg, nobel og velkommen byrde eg kan dele med mine kollegaer hos Hinterland.»

I sin nye jobb hos Hinterland Studios vil Ken Rolston få ansvar med å guide og oversjå utviklinga av spelet. For nyfikne spelarar er det ikkje lenge til vi sjølve får prøve oss på å overleve i kulda. The Long Dark vil bli tilgjengeleg gjennom Steam Early Access 22. september.

Frå stor suksess til gigantisk flopp

Rollespelveteran Ken Rolston. (Foto: Hinterland Studios).
Rollespelveteran Ken Rolston. (Foto: Hinterland Studios).

Ken Rolston har mange år bak seg i bransjen, og sjølv om han har suksessrike spel som Morrowind og Obilvion bak seg, har han ikkje alltid hatt hellet på si side. Det førre storspelet han var med og utvikla var Kingdoms og Amalur: Reckoning. Eit solid spel som vi i redaksjonen likte svært godt, men som enda opp med å floppe totalt.

Det gjekk faktisk så dårleg at heile 38 Studios som stod bak utviklinga blei nedlagt. Ting såg ut til å gå betre då Epic Games hyra inn dei fleste utviklarane derifrå for å starte opp Impossible Studios. Det gjekk derimot ikkje rette vegen, og etter berre eit halvt år stengde Epic Games det ferske studioet.

 

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen