Mortal Kombat X er kunngjort

Det neste spelet i den blodige serien koplar spelarane saman i ei diger turnering.

Eit blodferskt Mortal Kombat-spel har nett blitt kunngjort i ei pressemelding frå Warner Bros. Igjen er det utviklarstudioet NetherRealm som står ved styrestikkene, og dei lovar eit spel som gir fansen alt det dei vil ha frå eit Mortal Kombat-spel.

Frå det vesle pressemeldinga gjev av detaljar om Mortal Kombat X er det nettdelen som får mest merksemd. Spelet koplar spelarane saman i ei onlineverd der kvar kamp du er med i får innverknad på din kamp for å nå toppen. Korleis dette skil seg frå vanlege rankingsystem seiast det derimot ikkje mykje om.

Mange kampkjemper

Mortal Kombat X vil la deg velje mellom fleire variantar av kvar krigar, og kvar variant vil i tillegg til å by på ulik utsjånad, by på nye teknikkar og strategiar. Så langt har NetherRealm berre stadfesta at Sub-Zero og Scorpion blir å finne i spelet, men pressemeldinga fortel at spelet vil by på mange kjende ansikt, samt nokre nye.

Vidare lovar pressemeldinga ein filmatisk spelestil med heilt nytt gameplay. Vi har ikkje fått skjermbilete som demonsterer dette, men den ferske kunngjeringstraileren du kan sjå nedanfor byr på diverse røntgenbilete etter kvart som kampen mellom Sub-Zero og Scorpion heitar seg opp.

Det førre Mortal Kombat-spelet kom til PlayStation 3 og Xbox 360 i 2011. Mortal Kombat X vil kome til begge desse plattformene, såvel som PlayStation 4, Xbox One og PC. Lanseringa vil finne stad til neste år.

Etter Mortal Kombat frå 2011 prøvde NetherRealm seg på noko litt nytt, med stort hell. Slåssespelet Injustice: Gods Among US fekk mykje skryt hos oss då det blei lansert i fjor.

Kommentarer (27)

Forsiden akkurat nå

Til toppen