Mortal Kombat X får vårlansering

Vi har særs brutale og blodige tider i vente neste år.

Den notoriske og legendarisk valdelege slåssespelserien Mortal Kombat får snart sitt tiande spel. Mortal Kombat X blir det første spelet i serien som dukkar opp på Xbox One og PlayStation 4, og i dag har Warner Bros. i ei pressemelding fortalt at vi alle vil få gleda av å rive livsnødvendige organ ut av kroppane til kvarandre 14. april neste år.

Samstundes fortel Warner Bros. at det firearma beistet Goro er tilbake, etter åtte år utanfor ringen. For å få leike deg med han må du derimot førehandskjøpe spelet. Kjenner vi spelindustrien rett er likevel sjansen stor for at han vil bli tilgjengeleg etter lansering òg, om du er villeg til å punge ut med nokre kroner ekstra.

Stor karaktervariasjon

Fanfavorittane Scorpion og Sub Zero er naturlegvis tilbake i Mortal Kombat X.

Blant dei største nyhenda i Mortal Kombat X finn vi ei dramatisk utvida rolleliste. Spelet kjem ikkje med nemneverdig fleire kampkjemper enn tidlegare, men spelet byr på fleire variantar av kvar krigar. Ein versjon av Sub Zero vil til dømes kunne fryse motstandaren til is, medan ein anna vil kunne ta i bruk eit issverd.

I tillegg byr spelet på interaktive arenaer der du vil kunne bruke kulissane som springbrett for nye hopp, eller dra greiner og gamle damer ut frå bakgrunnen for å bruke dei som våpen.

Poltisk korrekt som alltid, med andre ord.

Vidare vil spelet kople alle spelarane saman i ei diger onlineturnering der kvar kamp tel om ditt mål er å nå toppen av rangstigen.

Vi tok ein kikk på Mortal Kombat X under E3-messa tidlegare i år, og var absolutt nøgde med det vi fekk sjå og prøve:

«Mortal Kombat X ser ut til å vere eit verdig steg vidare for den legendariske slåssespelserien. Utviklar NetherRealm har rukke å få god trening i det å lage interessante slåssespel, og med det tiande innslaget i Mortal Kombat-serien har dei tatt det heile eit steg lenger. Det er meir variasjon å spore i figurane og angrepa deira, og der det allereie er store forskjellar på Scorpion og Sub Zero, er det no også ulikheiter innanfor kvarfigur.»

Mortal Kombat X kjem i sal for Windows, Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4 og PlayStation 3 14. april. Om du er på jakt i noko å bryne deg på i mellomtida kan du ta ein kikk på Killer Instinct og Injustice: Gods Among Us.

Siste fra forsiden