Møt den alkoholiserte versjonen av Rødhette

Dragon Fin Soup er eit «roguelike»-spel med ein noko spesiell hovudperson.

Mykje på same måte som den enorme skjelpadda A'Tuin frå Discworld-serien, svevar den massive drageskjelpadda Asura rundt i verdsrommet. På ryggen til denne guden finn vi ei forskrudd verd sterkt inspirert av klassiske eventyr frå gamle dagar.

Denne verda er utgangspunktet for «roguelike»-spelet Dragon Fin Soup, som nett har fått seg ein Kickstarter-kampanje. Eit turbasert actionrollespel som introduserer oss for Red Robin, ein munter, men alkoholisert versjon av Lille Rødhette. Ho gjer seg eit levebrød som byttejeger, men har ei mørk fortid der familiens død spelar ei nøkkelrolle.

Kjappe turbaserte kampar

Red Riding på jakt etter noko å sløkkje tørsten med.
Red Riding på jakt etter noko å sløkkje tørsten med.

Grimm Bros, som står bak spelet, skildrar spelet sitt som eit raskt spel med turbaserte kampar, og hevdar at spelet let deg setje ditt eige tempo. Det heile kan gå unna i eit høgt tempo, men om du vil kan du når som helst skru ned tempoet for å ta deg tid til å planleggje kvart trekk.

Spelet byr på to ulike modusar. Den eine byr på ei historie der du kan lære meir om verda og Red Robin, samtidig som du vil kunne bryne deg på ei rekke oppdrag som både er bygde opp av utviklarane, og tilfeldig samansette.

Den andre modusen let deg leggje ut på eventyr der du berre har eitt liv til disposisjon. Her vil du møte eit mylder av tilfeldig samansette område fulle av monster, og med få ressursar til din disposisjon må du vere forsiktig med korleis du går fram.

Utviklarane fortel at kampsystemet deira vil vere svært enkelt å forstå, men at det likevel vil by på djupe strategiske element som ulike skademodellar, retningsbaserte angrep, og diverse spesialangrep.

Aldri aleine

Miljøa i spelet vil by på mange øydeleggbare gjenstandar.
Miljøa i spelet vil by på mange øydeleggbare gjenstandar.

Skulle utfordringane bli for store vil Red Robin kunne hyre leigesoldatar for å kjempe ved hennar side, og ho kan til ei kvar tid ha med seg to kjæledyr som kjempar saman med ho. Heile verda blir sagt å vere dynamisk skrudd saman av ulike byggjesteinar, slik at du vil møte noko nytt kvar gong.

I likskap med andre «roguelike»-spel sjåast alt i Dragon Fin Soup ovanfrå, men spelet sløyfer pikselbasert grafikk til fordel for ei høgare oppløysing og ein fargerik visuell stil. Dei tilfeldig generert miljøa og den beinharde utfordringa slik spel plar by på, er derimot inntakte.

Om Dragon Fin Soup høyrest ut som noko for deg kan du ta ein kikk på Kickstarter-kampanjen til Grimm Bros. Dei har jobba med spelet i over eit år allereie, og ber om 24 000 dollar for å få prosjektet ferdig. Om dei får inn summen dei treng, vil spelet dukka opp på Windows, Mac, Linux, PlayStation 4, PlayStation 3 og PlayStation Vita til neste år.

Det dukkar stadig opp nye Roguelike-spel. I fjor fekk vi servert magi i Tales of Maj'Eyal, og Cthulu-grøss i Eldritch.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen