Musikalsk kampsport til Vita

I KickBeat bankar du fiendar i takt med musikken.

Det er ei stund sidan musikkspela herja som verst. I løpet av nokre få år fekk vi servert alt frå Lumines til ørten og tusen versjonar av Guitar Hero og Rock Band. Raketten som gjekk opp måtte omsider kome ned att, og dominansen til musikkspela fekk ein brå slutt. Activision gjekk så langt som å seie dei ikkje ville lage fleire Guitar Hero-spel.

Om du har sakna sjangeren, eller berre lurt på kvar vegen vil gå vidare for å halde musikkspela relevante, har moglegvis Zen Studios svara du er på jakt etter. Zen Studios er nok best kjent for spel som Zen Pinball og Pinball FX 2, men no har dei kunngjort KickBeat for PS Vita. Dette er eit musikalsk kampsportspel der du skal pryle motstandarane i takt med musikken.

Kjempar du med eller mot musikken?

I motsetning til det meste anna av musikkspel får du ingen notar eller knappar på skjermen som viser deg kva du skal gjere. I staden vil fiendane angripe i takt med musikken, og din jobb blir å svare på desse angrepa. Dette kan gjerast enten ved å trykkje inn riktig knapp, eller ved å trykkje på skjermen. Sidan fiendane står rundt deg i ein ring vil du bli nøydt til å tenkje raskt for å angripe i dei retningane angrepa kjem frå.

For at eit musikkspel skal slå an må det sjølvsagt ha ei solid liste med høyrbar musikk. KickBeat ser i så måte ut til å lene seg mot dei som likar betre å vrikke på hovudet enn på bakenden når dei kosar seg med musikalske tonar. På lydsporet finn vi alt frå Pendulum og In Flames til Marilyn Manson og Rob Zombie. Skulle ikkje dette falle i smak kan du importere din eigen musikk gjennom eit system som analyserer låtene dine og byggjer nye nivå basert på dei.

KickBeat ventast lansert i løpet av sommaren, men nok nærare dato er førebels ikkje kunngjort.

Les også: Anmeldelse: Dance Central Les også: Anmeldelse: Rythm Thief & The Emperor's Treasure

Siste fra forsiden