Mykje nytt innhald på veg til Destiny

House of Wolves-ekspansjonen til Bungies actionspel lanserast neste månad.

Snart vil Bungie opne dørene til eit heilt nytt område i sitt storspel Destiny. Heilt sidan lanseringa av spelet i september har spelarar høyrt om området Reef, men det har så langt vore utilgjengeleg. Dette endrar seg i ekspansjonspakka House of Wolves som lanserast 19. mai, har Activision avslørt måndag.

Reef vil by på solide mengder nytt innhald til spelarar som har venta på nye utfordringar å bryne seg på. I følgje pressemeldinga kan vi vente oss fleire nye historieoppdrag, tre nye fleirspelarkart, samt eit nytt samarbeidsstrike. Ein ny elimineringsmodus kjem til Crucible, og vi får ein ny arenaaktivtet med namnet The Prison of Elders.

Destiny får snart meir innhald.

På toppen av dette vil House of Wolves by på mange nye våpen, rustningar og anna utstyr.

House of Wolves-ekspansjonen blei først detaljert i ei lekkasje tidlegare i år. Der kom det blant anna fram at Destiny etter kvart ville by på ein ny sosial møteplass.

I Halos kjølvatn

Destiny er Bungies første prosjekt etter å ha gjort seg ferdige med Halo-serien som no ligg i Microsoft og 342 Industries hender. Spelet er eit stort og omfattande skytespel med rollespelelement der du kan reise på eventyr aleine, eller saman med andre.

Mykje potensiale til tross, spelet levde ikkje heilt opp til forventningane, og vår mann meinte det var eit sjellaust spel:

«Destiny skal ha for å prøve. Og eg trur ærleg talt at Bungie faktisk prøvar. Om ikkje dei prøvar å forandre sjølve grunnelementa i blockbuster-oppskrifta, så prøvar dei i alle å fall forandre komposisjonen av dei. Dei får det berre ikkje helt til. Det er ikkje så mykje nytt her, eigentleg. Det er faktisk veldig mykje gammalt.»

Sjølv om responsen hos oss var lunka har Destiny blitt ein massiv suksess. Bungie og Activision kunne skryte av den største lanseringa av ein ny spelserie nokon sinne etter lanseringa. I tillegg har spelarar hatt mykje moro med å finne eigne måtar å løyse oppdrag på. Sist klarte ein spelar å runde spelets vanskelegaste raid heilt aleine, utan å fyre av ei einaste kule.

Siste fra forsiden