Mykje nytt på Xbox Live Arcade

Demoar av Sonic the Hedgehog og Golden Axe på Xbox Live Arcade no.

Xbox Live Arcade har vakse fram som ei solid teneste for både nye spel frå uavhengige utviklarar, og klassiske perler frå retro-skuffa. Dei siste spela som har teke turen til Xbox Live Arcade, er det legendariske piggsvinet Sonic the Hedgehog, og klassikaren Golden Axe. Begge spela er tilgjengelege for nedlasting frå og med i dag.

I tillegg har Microsoft kunngjort at Bungie sitt gamle skytespel Marathon: Durandal kjem til Microsoft sin konsoll. Spelet kom opprinneleg til Mac, men blir no tilgjengeleg på Xbox Live Aracde for 800 Microsoft poeng (omlag 65 kroner). Spelet vil ta i bruk det kjende kontrolloppsettet frå Halo, og vil tilby ein kampanje-modus med 27 kart. I tillegg vil det ha ein fleirspelar-modus for opp til åtte spelarar. Marathon: Durandal blir tilgjengeleg i løpet av sommaren.

Sidan Microsoft sparka i gong E3-veka med sin pressekonferanse i dag tidleg, har dei satt i gong med sitt "Bringing it Home"-initiativ. Dette betyr at dei i tida framover vil legge ut demoar og trailarar frå komande spel på Xbox Live Marketplace. Dei første demoane er allereie på plass, i form av rollespelet Blue Dragon – som du kan lese meir om i vår snikkikk – samt flyspelet Ace Combat 6.

Ein solid bunke med trailerar har òg funnge vegen på marknadsplassen. Vi finn til dømes trailerar frå Halo 3, Call of Duty 4, Lost Odyssey, Mass Effect og Too Human, samt mykje meir. Xbox Live Marketplace blir kontinuerleg oppdatert med nye videoar, demoar, forskjellige tema og bilete til konsollen din.

Ein fin liten bonus for rockarane der ute, er at ei ny låtpakke til Guitar Hero 2 er tilgjengeleg for nedlasting no. Denne kostar 500 Micorsoft Poeng, noko som tilsvarar 41 kroner.

Siste fra forsiden