Namco har kunngjort nytt Tales-rollespel

Tales of Zestiria feirar seriens 20-års jubileum.

Namco Bandais Tales-serie har gleda rollespelentusiastar i snart 20 år. Allereie i 1995 lanserte dei Tales of Phantasia, det første spelet i serien, og sidan den tid har dei produsert rollespel for eit mylder av ulike plattformer.

Sjølv om serien har lang fartstid er den blant spelseriane som har tatt best vare på sine opprinnlege idear. Spesielt merkast dette gjennom kampsystemet som i grunnleggjande trekk har vore det same sidan starten. Kvart spel har likevel gjort små endringar på formelen for å heile tida by på noko nytt.

Kva endringar vil kampsystemet i Tales of Zestiria by på?
Kva endringar vil kampsystemet i Tales of Zestiria by på?

For å feire at serien snart er 20 år har Namco Bandai i dag kunngjort Tales of Zestiria for PlayStation 3. I motsetning til dei fleste rollespelkunngjeringar frå Namco slepp vi denne gongen å lure på om spelet dukkar opp her til lands. I ei pressemelding skriv Namco i dag at spelet vil bli tilgjengeleg over heile verda, utan å seie noko spesifikt om når. Sidan spelet skal feire 20-årsjubileet er det naturleg å tru ei lansering ikkje vil finne stad før 2015, eller seint 2014.

I ein kommentar har Tales-produsent Makoto Yoshizumi følgjande å seie:

«I løpet av dei siste åra har vi sett at folk gler seg til serien ikkje berre i Japan, men i resten av verda òg. Dette får meg til å tru at serien har større potensiale enn nokon sinne, og difor vil vi nytte dette høve til å kunngjere at Tales of Zestiria vil bli internasjonalt.»

Tilbake til røtene

Vidare i pressemeldinga kan vi lese at Tales of Zestiria vil ta serien tilbake til røtene. Nøyaktig kva det betyr er ikkje godt å seie sidan Namco ikkje byr på detaljar om kva spelet vil by på.

Spelet blei først kunngjort tidleg i dag på ein pressekonferanse i Japan der det blei vist ein kort video. Det vi kunne sjå av denne var eit spel som ved første augekast ser langt meir opent ut enn tidlegare spel i serien. Vidstrakte sletter vitnar om ei vidarebygging av strukturen dei introduserte i Tales of Xillia, medan mykje ser ut til å tyde på at kampane ikkje lenger vil skje på separate kamparenaer.

Konkrete detaljar må vi likevel vente på, og den første offisielle traileren er ikkje venta før 21. desember.

Om du ikkje er godt kjend med Tales-serien kan kan du ta ein kikk på vår vurdering av solide Tales of Xillia frå tidlegare i år. Om du allereie har runda dette spelet, og ventar på meir, vil Namco Bandai lansere både Tales of Xillia 2 og samlepakka Tales of Symphonia Chronicles på PlayStation 3 i løpet av 2014.

 

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen