Anmeldelse

Nanobreaker

Nanobreaker er verre. Det er eit spel utvikla av ein gjeng som viser total mangel på forståelse og respekt for kva som gjer noko underhaldande. Krampetrekninga byrjar allereie i det åpningsskvensen rullar over skjermen. I framtida har nanoteknologi blitt utvikla, og implementert i produkt som gjer levestandaren til menneska betrakteleg betre. Heimen for utviklinga av nanoteknologien har fått det usannsynleg latterlege namnet Nanotech Island. I denne lykkelege tid skjer det ei katastrofe (som om ingen kunne ane det). Ei datamaskin som styrer alle nanosporer bryt saman, og alt bryt ut av kontroll. Menneske med nanosporer i blodet blir omforma til monster, og tilsynelatande er det kun ein person som er i stand til å ta seg av krisa før den spreiar seg til fastlandet: Jake.

Jake. Smak på namnet. Høyrest ut som ein helt, ikkje sant? Han er ein kyborg som har vore i issøvn i sju år, og er no henta tilbake for å gjere godt for sine synder. I eit par filmsekvensar framstår han som ein barsking, og du får eit svakt håp om at det finnest litt underhaldning i dette produktet. Det er før du faktisk byrjar å spele. Eit meir monotont og kjedeleg makkverk skal du leite lenge etter. Du gjer kun ein ting, spring rundt og høgg ned nanomonster, med eit sverd anno framtida. Du blir oppfordra til bruk av komboar (som kan kjøpast når du finn forskjellige beholdarar), men desse er treige og vanskelege å utføre. Du risikerar faktisk å dø raskare ved å bruke dei, så mykje for nytteverdi. I staden endar du opp med å trykke på firkant og trekant i noko som verkar som ei uendelegheit.

Svake monster har mykje liv
Dette er sjeldant eit vanskeleg spel, men det tar lang tid. Fiendar tåler så mykje at ein kan sovne undervegs. Om du er omringa av to til sju fiendar samtidig, og kvart slag gir kanskje to til fem prosent i skade av livet deira, seier det seg sjølv at det tar lang tid. For lang tid. Du er sjeldan i reell fare, for fiendane når ikkje fram til deg før du svinger sverdet på nytt. I staden svingar du sverdet, svingar sverdet, og svingar sverdet atter ein gong i eit svakt håp om at det snart er over. Det er ikkje over, det blir aldri over, for dette er den sanne versjon av helvete. Eg låser meg heller inne i eit kvitt rom, der Dragostea Din Tei av O-zone står på repeat kontinuerleg gjennom heile døgnet, og eg likar verkeleg ikkje den låta.

Det viser seg også at spelet er horribelt ubalansert. Ved å trykke på sirkel sender Jake ut ein krok (eller tau, det er vanskeleg å seie, det er blått i alle fall) som han kan dra fiendar til seg med (tenk Scorpion i Mortal Kombat). Om du trykker på riktig tidspunkt kan du drepe ein fiende med eit slag. Etter at stillheita har senka seg er det på tide å reflektere over kva dette faktisk betyr for spelet. I løpet av få sekund viser det seg at å slite med komboar er fullstendig nyttelaust. Å dra fiendar mot seg, for å drepe dei med eit slag, er raskare, kraftigare, og sparar deg for ein del tid. Det ender sjølvsagt opp med at du gir blanke i komboane og kun brukar denne teknikken. Brått blei spelet enda meir einsformig og kjedeleg, men det er noko Nanobreaker legg opp til sjølv.

Har du spelt eit hack’n slash-spel, har du spelt dette og. Du har eit sett med komboar, og du kan få tilgang til oversikta over kva kombar du har ved å gå inn på menyen. I tillegg til komboane har du både vertikale og horisontale angrep. Nokre fiendar slår du ned i bakken med det horisontale angrepet, og då kan du til dømes bruke vertikalt angrep for å slå dei ut. Dette er i og for seg greit, men det er for treigt. Du slit med elendige kameravinklar, og ser ikkje alltid kvar fiendane er. Dumme som dei er vandrar dei mot deg og slår, eller skyter med intervallar du nermast kan setje klokka etter. Om du i tillegg slår rundt deg med sverdet ditt (som eigentleg oppfører seg som ei pisk) vil fiendane rundt deg neste aldri få sjansen til å slå tailbake.

Nanobreaker PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 18. februar 2005
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utvikler: Konami

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen