Anmeldelse

Nanobreaker

Når eg høyrer ordet Nanobreaker, føler eg smerte, sorg, og sympati for alle som ein eller anna gong i livet har gjennomgått traumatiske opplevingar.

Side 1
Side 2

La blodet sprute Samtidig er det latterlege mengder med blod i Nanobreaker. Det er så mykje blod at det grensar til utruleg dårleg humor. Kvar gong du svingar sverdet mot ein fiende står ei søyle av glatt blod, som ser ut som papirstrimlar, mot taket. Romma bli dekt av ein tekstur som minnar om brent tomatsuppe, og du kan ikkje hjelpe for å reagere med avsky for kor utruleg stygt dette faktisk ser ut. Blodet ser ut som om det høyrer heime i eit heilt anna spel, eit makabert teikneserie-spel kanskje. Stilen i Nanobreakers er ikkje stort å skryte over heller. Designen er typisk "macho-mann med blondt hår kjempar mot monster med livet som innsats", men byr aldri på dei store overraskingane. Monster-designen er til tider grei nok, men når dei same monstera angrip deg heile tida, blir dette også raskt kjedeleg.

Grei design til tross, Nanobreaker utnyttar ikkje eit milligram av det potensialet som kanskje er der. Du spring rundt i gangar med flate og uinteressante teksturar. Du kjempar mot horder av dei same monstera, i dei same områda, om igjen, og om igjen, og om igjen. Det er til å få panikk av. Det blir som ein ufyseleg versjon av Onimusha 3. Ein versjon strippa for alt som gjor Onimusha 3 interessant. Kombosystemet er teit og uinteressant, og tar frykteleg lang tid for å utføre noko som helst. For å ta eit eksempel: Ein av komboane lar deg hente fram ein enorm hammar for å denge fiendane med. Trykker du riktig svingar Jake sverdet, og etter kvart slår ein hammar ganske hardt ned i bakken. Greit nok det kanskje, bortsett frå at det ser utruleg tåpeleg ut, og at sannsynlegheita er stor for at du eigentleg ikkje treff nokon.

Useriøst skvip Nanobreaker er av den typen spel det er omtrent umogleg å ta seriøst. Ta musikken som eit eksempel. Den grensar til å vere behageleg. Unnskyld meg, men roleg pianomusikk er ikkje det eg forbindar med pseudofuturistiske kampar med nanomonster. Det verste av det heile er at musikken er noko av det beste med heile spelet. Den når ikkje eingong dei store høgdene, og greier aldri å fenge deg på nokon spesiell måte, men likevel er det dette som ein kan trekke fram som positivt. Den passar jo ikkje inn ein gong. Kanskje i eit eventyrspel med ein fjorten år gammal gut med blått har som hovudperson, men ikkje her. Det dukkar riktignok opp litt elektroniske symfoniar, men vi har høyrt det betre i omtrent alle spel laga så langt.

Sukk, stønn, og nokre timar seinare innser du at du framleis er i kamp med monster som aldri dør, i dei same kjedelege områda som før (kanskje med litt andre teksturar denne gongen, men berre litt). Historia er så banalt uinteressant at du like gjerne kan studere meitemark grave seg ned i gjørme. Spør du meg er det meir underhaldning i det. Sjølvsagt kan du sikkert overleve med dette spelet i nokre timar, forutsatt at du ikkje bryr deg stort om kvalitet. Spørsmålet er om det i det heile tatt burde vere lov å produsere spel som aldri byr på noko som helst i form av faktisk speleglede. Å trykke på knappar er moro om settinga er riktig, om kontrollane er stødige, om du har noko som inviterar deg inn i den alternative verda du har framfor deg. Nanobreaker manglar absolutt alt av dette.

Konklusjon Det er kanskje like greit at eit slikt spel dukkar opp ein gong i blandt. Om ikkje anna kan det fungere som eit skrekkeksempel på korleis ting absolutt ikkje skal gjerast. Eg må verkeleg tenke hardt, når eg skal prøve å kome på ein einaste liten positiv ting. Det einaste som slår meg etter ein halvtime med å stirre tomt inn i veggen er at musikken var litt ok. Er det nok? Er det nok til skape underhaldning? Er det nok til å svi av dine hardt tente pengar? Nei, det er det absolutt ikkje. Med mindre du er kjempeglad i alt som stinkar verre enn hønsemøkk bør du kaste dette spelet i bakken og trampe på det med all di kraft. Ein ting er å lage slikt skvip, ein anna ting er å forvente at folk skal kjøpe det. Unnskyld meg, eg skal gå og studere meitemarkar. Det er moro i samanlikning med dette.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden