Sniktitt

Naruto: The Broken Bond

Ninja-helten er tilbake

Om du storkoste deg med Rise of a Ninja i fjor, har du mykje å glede deg til.

Naruto: Rise of a Ninja som kom til Xbox 360 i fjor, gjorde det meste riktig. Det var eit nydeleg spel som greidde å gjenskape stemninga frå anime-serien på ein eksemplarisk måte.

Oppfølger til Rise of a Ninja

Vis større

Trailer: Naruto: The Broken Bond

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • xbox 360
  • naruto
  • _editorialselect
  • the broken bond


No er Naruto snart tilbake i The Broken Bond, og det er eit litt mørkare eventyr vi får denne gangen, og utviklarane hevdar sjølvsagt det skal bli mykje betre. Etter det vi har sett, ser det ut til at dei har heilt rett. Spelet er utvida på alle punkt, og ting som du kanskje reagerte på i det første spelet, er pussa på og oppgradert i eit så pass omfattande format at vi godt mogleg endar opp med det ultimate Naruto-spelet.

Svar på tiltale

Først og fremst er Naruto: The Broken Bond lengre. Der du kunne runde Naruto: Rise of a Ninja på fire til fem timar om du gav blaffen i alle sideoppdrag, har utviklarane no valt å leggje større vekt på sjølve historia. Berre å spele gjennom den skal doble spelet i lengde, og med alle sideoppdraga, blir det lett mykje meir.

Ein anna svært tydeleg ting dei har justert er karaktermodellane. Dei såg ikkje heilt bra ut i Rise of a Ninja. Dei var udetaljerte og «cell-shadinga» tok fullstendig overhand. Dette har dei tona ned mange hakk, og utviklarane fortel at det var ein vanskeleg prosess. Ved å redusere «cell-shading» har dei vore i stand til å leggje mange fleire detaljar inn i ansikta på det varierte persongalleriet. Dette i sin tur blei ei belastning på motoren, noko som tvinga dei til å skru ned kvaliteten på skuggane, men med litt juks og fanteri har dei kome fram til ei løysing som vil gjere dette vanskeleg å oppdage.

Betre grafikk har resultert i nokre store forandringar i forhold til korleis dei fortel historia. Dei stilleståande historiesekvensane frå det første spelet er borte, og har blitt erstatta med filmar som fortel kva Naruto og ninja-venene hans tar seg til i kampen mot vondskapen.

Ei større verd

Det har skjedd mykje nytt på eitt år, og spelet har opna seg opp til å bli mykje friare. I staden for å springe langs vegar der du har få val i forhold til kva du vil gjere, blir du no presentert for eit stort, ope område fylt med tre som svaiar i vinden, grøne sletter og den flotte fargebruken vi kjenner frå Rise of a Ninja. Utviklarane fortel at dette ikkje er alt. I løpet av spelet vil du finne stengde vegar der arbeidsmenn jobbar med på eten byggje ei bru, eller lage ein tunnel. På denne måten vil spelet gradvis gi deg nye vegar å gå gjennom spelet.

Medan du spring her vil du raskt legge merke til at Naruto ikkje er aleine. Han har faktisk to vener med seg til ei kvar tid. Det er heile sju spelbare karakterar i spelet, og du vil alltid springe rundt med tre av desse. Du styrer ein av dei, medan dei to andre følgjer hakk i hel. Grunnen til dette er at Ubisoft vil legge større vekt på interessante problem. I The Broken Bond må du bruke dei forskjellege folka i gruppa om kvarandre for å kome vidare.

Eit artig døme på dette er korleis Naruto og to kompanjongar kjem til ei elv. Dei må kome seg over den, og gjennom porten på den andre sida, men porten er stengd. Naruto tar i bruk teknikken Ninja Clone Jutsu, og byggjer eit tårn av seg sjølv, som blir så høgt at heile greia veltar over elva, perfekt plassert framfor porten. Med denne kan ein anna i gruppa som kan bruke skuggar fysisk, sende skuggen over over Naruto-brua. På denne måten kan porten opnast, og alle spring over.

Oppgraderte kampar

Som sagt har det meste fått seg ei kraftig polering. Det gjeld sjølvsagt kampsystemet òg. Sidan du no spring rundt med tre personar i ei gruppe, kan du bruke alle saman i kampane. Du kan skifte mellom dei midt i kampane, og dette kan du bruke for å utføre ganske spektakulære angrep, som er mykje meir visuelle enn før. Grafiske effektar som skapar tegneseriestilen kastes over skjermen, og det ser veldig tøft ut.

Les også
Anmeldelse: Naruto: The Broken Bond

Alt skal vere større, og difor vil kampar mot dei verkeleg absurde fiendane få eit heilt anna format enn kva vi fekk sjå i fjor. Det blir overdådig og pompøst der du ikkje skal sjå vekk i frå at enorme slangar og forskar brått finn vegen inn i hektiske kampar der ville ninja-teknikkar blir flittig brukt.

Konklusjon

Det ser unekteleg ut til at Naruto: The Broken Bond leverer varene. Mykje er forandra, og alt ser ut til å gjere spelet betre. Kampane blir heftigare, utforskinga blir meir interessant, og problemløysinga vil nå nye høgder der du blir nøydt til å bruke hjernen din i større grad enn før. Den vakre verda frå Rise of a Ninja er sjølvsagt tilbake, og i tillegg fortel utviklarane at den mystiske Sasuke får ein eigen seksjon av spelet, slik at vi får ei betre forståing av historia.

Det er sjølvsagt mogleg spelet ikkje nyttar godt av forandringane, men vi tvilar, for The Broken Bond ser ut til å kunne bli eit heidundrande eventyr fylt med humor, action og kreative løysingar.

Merknad: Naruto: The Broken Bond utgis i november 2008, eksklusivt for Xbox 360. Playstation 3 får Naruto: Ultimate Ninja Storm, eit heilt anna Naruto-spel, fra ein heilt anna utvikler.

Siste fra forsiden