Anmeldelse

Naruto: Ultimate Ninja Storm

Hardtslåande ninja

Det er lett å bli forelska i Naruto sitt siste spel, men det blir eit turbulent forhold.

For dei som enno ikkje har fått med seg kven Naruto er, er det kanskje på sin plass med ei kjapp oppsummering. Naruto Uzumaki er ein liten aspirerande ninja som mest av alt vil bli Hokage. Ein Hokage er landsbyens øvste leiar, og er samtidig ein fenomenal krigar. Narutos tørst etter å oppnå dette kjem av at han gjennom heile livet har blitt ledd av, og praktisk talt trakka på. I staden for å la seg knekke, har han utvikla eit imponerande pågangsmot som etter kvart endar opp med å rivalisere den fysiske og psykiske styrka til mange av verdas beste krigarar.

Trailer fra Naruto: Ultimate Ninja Storm

Vis større

Trailer: Naruto: Ultimate Ninja Storm #2

Stikkord:
  • spill
  • playstation 3
  • slåssing
  • naruto
  • ultimate ninja storm


Dette er i temmeleg grove trekk kva det heile dreier seg om, og om du ikkje har sett på anime-serien, kjem du til å trenge litt førehandsinfo før du går i gang med Naruto: Ultimate Ninja Storm.

Ein landsby av lauv

Ditt umiddelbare utgangspunkt er Konoha, ein landsby som litt dårleg oversatt bli noko sånt som «lauvlandsbyen». Dette er basen din, og det er herifrå du vel alle oppdrag. Til motsetning frå Naruto: Rise of the Ninja som kom til Xbox 360 i fjor, er det ingen naturleg progresjon i Naruto: Ultimate Ninja Storm. Du spring ikkje frå ein stad til ein anna som i eit typisk eventyr, der nye personar kjem med nye oppgåver for å drive historia fram.

Ultimate Ninja Storm er oppdragsbasert. Du vel så godt som alle oppdrag frå startmenyen, og du finn dei hovudsakleg i to kategoriar. Den eine er historiebaserte oppdrag, og det er desse som driv «historia» vidare. Skjønt, å kalle det ei historie blir å ta munnen for full. Som regel blir du kasta ut i ein kamp, der ein kjapp introduksjon i torpedofart oppsummerar situasjonen du er i. Dette, saman med at spelet startar rett før Chunin-eksamenen, gjer at dei som ikkje kjenner Naruto kjem til å forstå mindre enn ingenting.

Dei kjem likevel til å kunne ha det rimeleg moro. Du får ta del i så godt som alle kampar du får sjå i serien, og med eit banalt enkelt kampsystem, har Cyberconnect2 prestert å lage eit spel som kan gi alle ei kjensle av meistring.

Enkelt og moro

Du har berre ein angrepsknapp, og denne kjem du til å misbruke alt den er god for. Genistreken Cyberconnect2 har gjort, er å pøse på med kontinuerleg utviklande og ekspanderande animasjonar som likevel gir deg kjensla av at du verkeleg gjer noko. Naruto startar kanskje med å fyre laus nokre knyttnevar, men så lagar han kopiar av seg sjølv, kastar dei mot fienden, og brått er det desse som hamrar laus på fienden. Det skjer med berre ein kamp, det skjer i eit vanvittig tempo, og det er veldig moro.

Dette er den harde basisen du vil bruke mest, men som du likevel kan utvide på ganske mange måtar. Du kan bruke «chakra» (indre kraft) for å styrke dine eigne angrep, eller for å utføre spesialangrep som er forskjellige for kvar karakter i spelet. Du vil kunne spele som forskjellige karakterar av og til i historia, når du får ta del i store og viktige kampar frå serien. I tillegg kan du hente dei inn som allierte for dine eigne kampar. Ved å trykke inn L1 og/eller R1, vil du kunne hente inn dei krigaren du har lagt til dei knappane, og dei vil slåst for deg, sjølv om du ikkje har nokon direkte kontroll over dei.

Resultatet av dette er eit spel som er veldig kult å sjå på. Det ser vanvittig bra ut, og det enkle kampsystemet gjer det svært lett for deg å kunne utføre dei villaste angrepa, utan å måte memorisere lange og knotete knappekombinasjonar for å nå langt. Du kan få til dei sjukaste angrepa utan stor innsats, og når ein kombinerar dette med kampområde der du kan springe overalt, utan å vere låst til eit todimensjonalt plan, gjer kampsystemet i Naruto: Ultimate Ninja Storm svært unikt. Det blir nesten som å sjå på anime-serien, med det unntak at du kan delta sjølv.

Ein grå kvardag

Dei artige kampane er likevel ikkje det einaste spelet byr på, for Cyberconnect2 har gjort eit forsøk på å krydre spelet med andre element. Først og fremst kan du springe opp trestammar for å sjå kor rask du er, eller hoppe gjennom skogen i skikkeleg ninjastil. Desse to utfordringane er i utgangspuntket svært like, der du automatisk susar framover, og må hoppe unna hindringar i vegen. Det er samtidig veldig moro, der du alltid kan bli litt raskare og litt flinkare.

Dette er likevel alle formene for oppdrag du kan bryne deg på; kamp, klatring og hopping. Felles for alt er at det er over ganske kjapt. Du tek eit oppdrag, kosar deg i nokre minutt, før du må studere ein lasteskjerm som ligg på skjermen alt for lenge. Dette i seg sjølv er ganske uakseptabelt. Du brukar først om lag femten minutt på å installere spelet, og likevel er lastinga etter kvart oppdrag smerteleg lang. Det er ein svært stemningsfull og flott lasteskjerm, men likevel, den er for lang.

Diverre er ikkje dette alt som tyner ut tida utan at du eigentleg sit tilbake med noko. Livet i Konoha er, etter dette spelet å døme, temmeleg kjedeleg. Det er ein fullstendig livlaus by der ingenting skjer, og der du må gjere dei same tinga om igjen heile tida. Etter kvart oppdrag dukkar det opp nye hemmelege pergamentsrullar, og andre gjenstandar rundt omkring i Konoha. Desse er eit ledd i spelets enorme mengde med skjult innhald. Pergamentsrullane kan du bruke til å kjøpe ultimate komboar til dei forskjellige kamphanane. Problemet er at dei dukkar opp på dei same stadane kvar gong, og om du vil det eller ei, må du gjenta den same akrobatikken for å få tak i dei.

Misforstått balanse

Repetisjonen vil kjede deg temmeleg kjapt, og du går frå å ivrig sanke rullar og skjulte gjenstandar, til å gi blanke, og la det skjulte innhaldet vere skjult. Det er litt større variasjon i å finne andre gjenstandar og kister, men du går etter kvart lei av det òg. Spesielt sidan du endar opp med å bruke meir tid på dette, enn på det som faktisk er moro i spelet; kampane.

Det er litt vanskeleg å forstå kvifor det er slik, for kontrollsystemet Cyberconnect har utvikla, er for det meste svært effektivt. Naruto kan til dømes springe opp veggar utan at du treng å utføre ein jutsu, slik du måtte Naruto: Rise of a Ninja. I tillegg kan du kaste deg frå den eine klessnora til den andre, og du kan skyte Naruto gjennom lufta med hans fantastiske ninja-kanon. Generelt sett sit du igjen med ei kjensle av at Naruto er så dyktig i det han driv med, at du ikkje treng gjere stor innsats for å ta del i moroa, noko som er ganske frigjerande. Det einaste med kontrollane som ikkje fungerer, er kameraet. Det er veldig tregt, og greier ikkje halde følge med tempoet Naruto spring i.

Alt er eigentleg tilrettelagt for at du skal kunne ha det skikkeleg moro i Konoha, men i staden endar det om som ein svært stiv del av spelet. Du har ikkje noko utbytte av tida di i byen, men du bruke tid der om du skal låse opp både unyttig dill, samt nye kampteknikkar.

Dødt, men vakkert

Samtidig er byen fullstendig livlaus, der alle folka berre står rett opp og ned. Det er ingen som går fram eller tilbake, eller ser ut til å ta seg til noko. Det einaste som reddar byen er ein nydeleg grafikk som verkeleg får fram sjela til serien. Det er ikkje like fargerikt og mjukt som Naruto: Rise of a Ninja, men det er fordi utviklarane har vore ute etter noko anna. Dei har forsøkt å skape eit spel som verkeleg ser ut som ein teiknefilm. Bakgrunnane ser ut som om dei er handteikna, og det er lett å la seg lure til å tru at det som eigentleg er tredimensjonalt, er todimensjonalt.

Dette går igjen i hovudpersonane sjølv, og det er tydeleg at det er her kreftene verkeleg er satt inn. Om lag alle personane du møter på, vil vere nesten heilt identiske med sine originale versjonar. Animasjonane deira er fantastiske, og det går i eit tempo som ikkje liknar grisen. Samtidig er alle fartseffekter, som striper og røykskyer, så anonyme at du knapt nok registrerer at dei er der. Dette til tross for at dei i alle høgste grad er til stades, men alt er blanda så godt saman, at du knapt registrerer dei forskjellige elementa.

Ein ting du verkeleg vil leggje merke til, om du kjenner til Naruto frå før, er lyden. Du kan velje mellom engelsk og japansk språk, noko som nok vil glede mange. Ikkje fullt så positivt er musikken som du garantert ikkje har høyrt før. Det er pussig at utviklarane har valt å bruke musikk vi ikkje kjenner frå serien. Musikken som er der er absolutt bra, men den gir ikkje den same kjensla du får når du ser ein episode av spelet, eller som Naruto: Rise of a Ninja gav. Spelet ser ut som Naruto, men det høyrest ikkje ut som Naruto.

Konklusjon

Det siste Naruto-spelet frå Cyberconnect2 er nok ikkje den ultimate ninja stormen dei sjølv hevdar det er. Spelet er nydeleg og det er eigentleg den største suksessen utviklarane kan vise til. Den nest største suksessen er kampsystemet som verkeleg gir deg gode og underhaldande kampar utan at du er nøydt til å bruke for mykje tid og krefter på å lære deg kombinasjonar og spesielle triks.

Nedturen kjem gjennom repeterande og dørgande kjedeleg utforsking i den vakre byen Konoha. Å samle ting kan vere moro ei lita stund, men det blir kjedeleg veldig fort. Dette er likevel ikkje noko du bruke tid på. Kampane i seg sjølv er underhaldande nok til å halde spelet på eigne bein, så om det er enkel og visuell moro du er på jakt etter, er Naruto: Ultimate Ninja Storm er godt alternativ.

Naruto: Ultimate Ninja Storm er kun i salg for Playstation 3, og må ikkje forvekslast med Naruto: The Broken Bond til Xbox 360, som er utvikla av Ubisoft.

Siste fra forsiden