Nedgangstid for slåssespela

Capcom meiner kannibalisering av marknaden hindrar Street Fighter X Tekken-sal.

Sidan kanonsuksessen med lanseringa av Street Fighter 4 i 2009 har slåssespelsjangeren hatt ein formidabel oppsving. Frå å nesten forsvinne frå marknaden i fleire år, har det eine slåssespelet etter det andre velta inn over oss.

No kan det derimot sjå ut til at trenden er i ferd med å snu. I dag kan Capcom fortelje at Street Fighter X Tekken så langt har selt 1.4 millionar kopiar. Dette er eit stykke unna planen, og Capcom er ikkje nøgde med resultata.

Skulda legg deg på kannibalisering av marknaden, og alt for mange slåssespel innanfor eit kort tidsrom. Akkurat her må nok Capcom ta på seg mykje av skulda sjølve. I tillegg til Street Fighter 4 i 2009 har dei laga Super Street Fighter 4, Super Street Fighter 4 Arcade Edition, Super Street Fighter IV 3D Edition, Tatsunoko vs. Capcom: Ultimate All-Stars, Marvel vs. Capcom 3, Ultimate Marvel vs. Capcom 3, og no sist Street Fighter X Tekken.

Capcom slår knockout på seg sjølv.

Samtidig har fleire andre sett sitt snitt til å ete sin bit av kaka, og blant anna har Warner Bros fått blodet til å flyte med Mortal Kombat. Namco har gjeve ut Tekken-spel til både heimekonsoll og 3DS, medan Soul Calibur 5 slo eit slag for fred i februar. Tecmo lanserte i fjor Dead or Alive: Dimensions til 3DS, men det blei bannlyst her i garden etter skuldingar om barneporno.

Alt er derimot ikkje grått for Capcom. Dei har sendt ut over 2 millionar kopiar av det nyleg lanserte Resident Evil: Operation Raccoon City til butikkhyllene, noko Capcom meiner viser at deira strategi med å hyre inn eksterne utviklarar har vore ein suksess. Operation Raccoon City er eit lagbasert skytespel der du skal kjempe mot både zombier og andre spelarar. Eg var ikkje heilt overbevist om handverket til Slant Six Games, og hadde blant anna dette å seie:

– Høyrde eg nokon seie katastrofe? Nja, ikkje heilt. Greit, dette er ikkje eit spesielt bra spel, og lista med feil og irritasjonsmoment er både lang, vond og trist. Den kunstige intelligensen kan sende den sterkaste kar ut i langvarig depresjon, og dei hissige fiendane som legg deg i bakken og held deg der gjer ingenting godt for sjølvbiletet.

Les også: Mykje stoltheit står på spel

Siste fra forsiden