Nedskjæringar hos Need for Speed-studio

Kva skjer med det neste spelet i racingserien?

På seinvåren i fjor fekk vi vite at EA hadde starta opp eit nytt studio i Svergie for å jobbe med Need for Speed-serien. Studioet som går under namnet Ghost Games blei starta av avhopparar frå Battlefield-studioet DICE, men ei rekke utviklarar frå Burnout- og Need for Speed-studioet Criterion har funne seg nye arbeidspultar der.

Det første spelet deira var Need for Speed: Rivals, eit spel som fekk lunken mottaking hos oss. Spelet hadde solide mekanikkar, men blei for einsformig og innhaldslaust i lengda.

Oppseiingar hos utviklaren

Kva vil framtida bringe?
Kva vil framtida bringe?

No kan det sjå ut til at alt ikkje er heilt som det skal vere hos Ghost Games. Polygon kan fortelje at EA har sagt opp fleire stillingar ved Ghost Games sine britiske kontor i Guildford.

Polygon fortel at dei som hadde midlertidige kontrakter har mista jobben. Heiltidstilsette fekk valet mellom å gå med kompensasjon, eller halde på jobbane sine ved å hjelpe Visceral med utviklinga av eit Battlefield-spel som i følgje Polygons opplysningar har eit polititema.

Det store spørsmålet no er kva som skjer framover med Need for Speed-serien. I følgje Polygon er det neste spelet i serien sett på vent, men sidan desse oppseiingane berre gjeld dei britiske Ghost Games-kontoret tyder det på at den svenske hovudavdelinga held fram som før.

Om du er gammal Need for Speed-fan bør du få med deg vår podkast om dei gamle Need for Speed-spela.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen