Årets Assassin's Creed tar oss med til Paris

Ubisoft bekrefter at det neste spelet i snikmordarserien kjem til den nye konsollgenerasjonen.

At Ubisoft jobbar med eit nytt spel i Assassin's Creed-serien burde ikkje kome som noko sjokk på nokon. Heilt sidan Assassin's Creed II har dei lansert minst eitt nytt spel i serien kvart år, og 2014 blir ikkje noko unntak. Tidlegare i veka dukka nokre bilete frå det som skulle vere det neste spelet i serien opp, og vi fekk høyre at Ubisoft jobbar med to Assassin's Creed-spel for årets julesesong. Det eine for førre generasjon, og det andre for PlayStation 4 og Xbox One.

I dag har Ubisoft svart på denne lekkasjen og sendt ut ei pressemelding der dei har kunngjort Assassin's Creed Unity for PlayStation 4, Xbox One og PC. Dei seier derimot ingenting om spelet som i følgje lekkasjen skal kome til Xbox 360 og PlayStation 3. 

Lat dei ete kake

Assassin's Creed Unity tek eit grafisk hopp framover.
Assassin's Creed Unity tek eit grafisk hopp framover.

Assassin's Creed Unity byr som dei fleste spela i serien på ein ny tidsepoke. No har vi lagt sjørøvartida bak oss, og får reise til Paris under den franske revolusjonen.

Ubisoft seier svært lite om kva spelet handlar om, og kva som vil vere nytt av reint speltekniske funksjonar, men bileta som kom ut tidlegare i veka avslørte ein ny parkour-funksjon som tyder på at dei har vidareutvikla seriens akrobatiske element. I pressemeldinga skriv Ubisoft følgjande:

«Vi har jobba med det neste Assassin's Creed-spelet i meir enn tre år, og sjølv om vi ikkje var heilt klare til å vise dykk Assassin's Creed for neste generasjon, ser det ut til at Abstergo har tvinga oss.»

Saman med pressemeldinga har vi fått ein video som viser oss glimt frå ein tidleg alfa-versjon av spelet. At spelet berre kjem til Xbox One og PlayStation 4, ved sidan av PC, har heilt tydeleg gjeve utviklarane sjansen til å ta eit markant grafisk sprang framover. Den videoen kan du sjå nedanfor.

Assassin's Creed Unity vil bli lansert før jul, og Ubisoft lovar meir informasjon i månadane som kjem.

Om du lurer på om Assassin's Creed-serien framleis held koken, kan du lese vår omtale av Assassin's Creed IV: Black Flag.

Kommentarer (34)

Forsiden akkurat nå

Til toppen