Neste Deus Ex kjem denne veka

Alt er klart for ei ny dose mekaniske kroppsmodifikasjonar.

2011 var eit stort år for kunstige implantat. Det var året Deus Ex-serien returnerte med det herlege Deus Ex: Human Revolution som igen sette oss inn i rolla som antihelten Adam Jensen. Spelet blei ein suksess, og slikt betyr naturlegvis at Square Enix vil halde fram sigersrunda ved å pumpe ut nye produkt med jamne mellomrom. Frå før har dei kunngjort Director's Cut-utgåva av Deus Ex: Human Revolution, og i sommar kunngjorde dei iOS-spelet Deus Ex: The Fall.

No har det omsider blitt klart når The Fall blir tilgjengeleg for rollespelfans på farta, fortel VG247. Spelet blir tilgjengeleg for iPad og iPhone allereie på torsdag, og vil koste 35 kroner.

Ingenting å seie på grafikken.
Ingenting å seie på grafikken.

Ny hovudperson

I Deus Ex: The Fall møter vi ein ny helt, nemleg Ben Saxon som Deus Ex-entusiastar kanskje vil kjenne igjen frå boka The Icarus Effect. Spelet går føre seg samtidig som Human Revolution-helten Adam Jensen ligg i sjukesenga heilt i starten på Human Revolution. I spelet er det medisin for å handtere dei ulike implanata som står i fokus, og der kan du naturlegvis rekne med nokre solide konspirasjonar.

Vi har kika på spelet allereie, og bortsett frå litt knot i actionfylte sekvensar ser dette ut til å kunne bli eit solid kapittel i Deus Ex-sagaen:

«Innmaten ser ut til å vere av same ulla som Deus Ex: Human Revolution var laga av. Vi får stor valfridom og kan velje sjølv korleis vi vil gå fram. Om du vil skyte alt og alle, eller liste deg usett gjennom skuggane er framleis heilt opp til deg. Eg held ein knapp på at skuggespelet passar best for akkurat dette kapitlet i Deus Ex-historia, men det kan lett vere ei smakssak.»

Les også: Sniktitt: Thief
Les også: – Vi kan lære mye av å studere andre uttrykksformer

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen