Neste Divinity har fått dato

Det lovande rollespelet blir lansert til sommaren.

Det belgiske utviklarstudioet Larian Studios har skapt eit solid namn for seg sjølve i rollespelkretsane. Med sin Divinity-serie har dei sidan 2002 gjeve mykje hygge til rollespelarar gjennom fleire spel. Spela har som regel vore meir eller mindre tradisjonelle rollespel med fokus på val og konsekvensar, men i fjor fekk vi noko heilt anna i Divinity: Dragon Commander, eit spel som blanda rollespel med både action, turbasert strategi og strategi i sanntid.

Neste spel ut for Larian er Divinity: Original Sin. Dette spelet vil slekte tilbake på dei eldre Divinity-spela, men satsar på turbasert kamp i staden for kampar med fri flyt. Etter suksess på Kickstarter har spelet vore tilgjengeleg på Steam Early Access ei stund, og no har Larian Studios i ei pressemelding fortalt at spelet vil få endeleg lansering 20. juni.

Massiv oppdatering

Divinity: Original Sin byr på rollespelmoro i fugleperspektiv.
Divinity: Original Sin byr på rollespelmoro i fugleperspektiv.

Ved sidan av å kunngjere lanseringsdatoen har Larian lagt ut ei solid oppdatering for dei som har kjøpt seg tilgang via Early Access. Ved sidan av å gje spelet ein grafisk finpuss, samt luke ut nokre feil, har utviklarane gjort nokre vesentlege endringar.

Ei av desse er at du no kan gi individuelle kommandoar til krigarane i gruppa di, i tillegg til at krigarane dine vil unngå feller der dei kan. Du vil òg kunne velje blant ulike formasjonar for å optimalisere effektiviteten din i kamp.

Om du synest spelet er for vanskeleg eller for lett, vil du med den nye oppdateringa kunne velje vanskegrad. Dette kan sikkert kome godt med, for du kan no lage fleire brukarprofilar slik at ein kopi av spelet kan spelast av fleire.

På toppen av det heile har Larian lagt til 135 nye musikalske spor, der fleire av dei kjem frå tidlegare spel i serien.

Joachim tok ein kikk på Divinity: Original Sin tidlegare i år, og meinte det var eit spel med hjarte som verkeleg kan bli bra:

«Divinity: Original Sin er eit usedvaneg spanande prosjekt. På den eine sida hentar det verdiar frå fordums klassikarar, og på den andre sida forsøker det å gjere heilt nye ting. Fugleperspektiv, turbasert kamp og tonnevis av tekstbaserte dialogar kombinerast med ein nyskapande samarbeidsmodus eg ikkje trur vi har sett makan til i sjangeren. Larian er altså ikkje nøgd med å sjå seg tilbake og gjenskape dei klassiske rollespelas storleik, men vil ta sjangeren vidare i same slengen.»

Om du er på jakt etter andre turbaserte rollespel bør du absolutt få med deg The Banner Saga og Blackguards som dukka opp i januar.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen