(Bilde: Square Enix)

Neste episode av Life is Strange kjem seinare enn planlagt

Vi får ikkje følgje historia til Max vidare heilt med det første.

Life is Strange er eit episodisk eventyrspel utvikla av gjengen bak actionspelet Remember Me. Det byr på eit noko uvanleg utgangspunkt for eit spel, og vi møter tenåringar på eit universitet. Dette byr naturlegvis på sine eigne utfordringar og konflikter, men ei overhengjande fare har likevel blitt baka inn i kaka.

Spelet blir levert i episodar, og den første kom i slutten av januar. Etter planen skulle det gå seks veker mellom kvar episode, og den neste var venta 13. mars. Dette fortel no Destructoid ikkje blir tilfelle. Den neste episoden er utsett på ubestemt tid, men nokon grunn til utsetjinga har ikkje utviklarane hos Dontnod gått ut med.

Haltande historie

Det er ikkje kvar dag eit spel byr på scener frå eit tenåringsliv.
Det er ikkje kvar dag eit spel byr på scener frå eit tenåringsliv. Bilde: Square Enix

Vi tok ein kikk på den første Life is Strange-episoden, og det var spesielt ein ting vi reagerte på der. Manuset var svært ujamt, og dialogane varierte mellom det nesten flaue, til ordvekslingar som sat godt. Kanskje er det nettopp dette utviklarane prøvar å forbetre før neste episode blir tilgjengeleg?

Life is Strange er inspirert av spel som The Walking Dead og Heavy Rain. Dialog er viktig, og vala du gjer kan få ei rekke konsekvensar. I tillegg kan du reise litt i tid for å prøve å gjere ting annleis. Tobias var ikkje heilt positiv i sin førsteinntrykk, men meinte likevel at spelet hadde tydelege kvalitetar:

«Life is Strange er på ingen måte ein fiasko. Konseptet med å manipulere tid er enkelt og effektivt integrert i spelet, og med tidsreiser opnar det seg alltid mange moglegheiter for interessant oppgåveløysing. Det finnest dessutan små augneblink her som tyder på at utviklarane verkeleg har lyst og evner til å utforske det fantastiske i det ordinære.»

Om episodiske historier er rett i di gate bør du ta ein kikk på dei nyaste spela frå Telltale Games. Før jul sette dei i gong med første sesong av både Game of Thrones og Tales from the Borderlands.

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen