Neste mars får du skambank

No veit vi når Dark Souls II kjem.

Dark Souls er eit snodig fenomen som gjer det svært tydeleg at svært mange der ute likar å få pryl. Der dei fleste utviklarar og utgjevarar gjer sitt beste i å lage spel som alle kan meistre utan å døy ein einaste gong, gjer From Software det stikk motsette med Dark Souls-serien sin. I desse spelar har du solid flaks om du kjem deg gjennom noko som helst på første forsøk, og folk elskar det.

I desember kunngjorde From Software det neste spelet i serien. Det fekk ikkje overraskande namnet Dark Souls II, og vil halde fram med skumle turar i mørke skogar og grotter der du berre ventar på å bli slått i bakken av ein mannevondt beist.

Dette kan aldri ende godt.
Dette kan aldri ende godt.

From Software og utgjevaren Namco Bandai har vore svært uklare på når vi kan vente oss å få spelet i hende, men i følgje Kotaku har vi no fått eit meir konkret tidspunkt for lanseringa. Dei fortel at reklameflagg for Dark Souls II har blitt hengde opp i Los Angeles den siste veka. Dei fortel at spelet dukkar opp i mars neste år.

Desse flagga er på plass av den enkle grunn at den årlege E3-messa startar om knapt ei veke. I løpet av denne veka har ikkje berre alle dei store spelselskapa høglydte båsar på messeområdet, men dei fyller òg opp gatene med reklamemateriell i enorm storleik.

Vi vil sjølvsagt vere på plass, og vil stille mannsterke på messegolvet kvar dag.

Les også: Gjer deg klar til å døy igjen
Les også: PC er hovedplattformen for Dark Souls II

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen