Neste Monster Hunter brukar CryEngine 3

Capcom hyrer inn kinesarar for å ta serien til nye høgder.

Monster Hunter-serien har i ei årrekke vore ein vanvittig suksess i Japan. Kvart nye spel spel som hakka møk, og populariteten kan samanliknast med den Call of Duty-serien har i vesten. Her på våre trakter har derimot serien aldri heilt slått an. Mykje av grunnen til det kan vere så enkel som at den stort sett har landa på feil plattformer. Serien har for det meste halde seg på PSP, ei plattform som utanfor Japan har slite med å nå ut til eit stort publikum.

Om det neste spelet i Monster Hunter-serien kan bryte trenden gjenstår å sjå. I dag har Capcom kunngjort Monster Hunter Online, fortel VG247. Dette spelet blir utvikla av kinesiske Tencent i samarbeid med Capcom, og nyttar CryEngine 3 for å oppnå ein visuell presentasjon som overgår alt serien tidlegare har bydd på.

Skåret i gleda så langt er at spelet berre er kunngjort for Kina. Om det vender snuten hitover gjenstår å sjå.

Det er vel ikkje mykje tvil om at dette er det penaste Monster Hunter-spelet så langt.

Ein brukar på nettforumet NeoGAF har gravd fram litt konkret info om spelet. Han kan fortelje at spelet byr på ein dag og natt-syklus, samt endringar i været. Desse endringane vil få dei ulike monstera i spelet til å ta i bruk nye angrep. Samtidig får spelarane nye spesialangrep og eigenskapar som ikkje har vore sett i serien tidlegare, sjølv om nøyaktig kva desse går ut på er uklart.

Sidan dette etter alt å døme er eit MMO, kan vi sjå fram til mykje større kampar enn i tidlegare spel. I Monster Hunter-serien kan opp til fire spelarar slå seg saman for å ta ned beist, men i Monster Hunter Online vil enkelte beist krevje at heile 24 spelarar slår seg saman.

Det er ikkje lenge til den årlege E3-messa i juni, og om Capcom vil bringe dette spelet til vesten, får vi mest sannsynleg vite det der. Den første traileren kan du sjå nedanfor.

Trailer frå Monster Hunter Online.

Les også: Anmeldelse: Monster Hunter 3 Ultimate Les også: Anmeldelse: Monster Hunter Tri

Siste fra forsiden