Neste Shadowrun tar oss med til Hong Kong

Kickstarter-kampanje suste forbi målet på under to timar.

Etter å ha finansisert Shadowrun Returns på Kickstarter i 2012 har Harebrained Schemes gjort solid suksess med sin nye eventyr i det gamle rollespeluniverset Shadowrun. Spelet blei lansert til solid omtale, og fekk i fjor oppfølgjaren Shadowrun: Dragonfall.

I år er dei klare for meir, og til sommaren vil dei lansere Shadowrun: Hong Kong. Dette spelet er allereie fullt finansiert og har vore under produksjon i fleire månader, men utviklarane vil gjerne by på meir innhald. I staden for å gå til ein utgjevar for å søkje finansiell støtte, har dei valt å prøve seg på Kickstarter igjen, og det ser ut til å fungere.

Nådde målet på to timar

Konseptbilete frå Shadowrun: Hong Kong.
Konseptbilete frå Shadowrun: Hong Kong.

Kickstarter-kampanjen for Shadowrun: Hong Kong nådde målet sitt på under to timar. Riktig nok var målet på berre 100 000 dollar, men på under eit døgn har dei klatra eit godt stykke over det, og ligg i skrivande stund på hakket over 360 000 dollar.

Med det har dei tangert seks av sine opphavelege Kickstarter-mål. Blant desse finn vi animerte mellom- og avslutningssekvensar, ein ny karakter, samt sideoppdrag.

Hong Kong blei valt som utgangspunkt for spelet etter at Harebrained Schemes lot spelarane stemme over kvar dei ville reise i neste spel. Shadowrun: Hong Kong vil by på ei heilt ny gruppe personar, og vil gi oss eit historiebasert rollespel med taktiske og turbaserte kampar.

Shadowrun: Hong Kong blir utvikla for Windows, Mac og Linux, og vil bli lansert i løpet av seinsommaren.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen