Neste The Legend of Zelda blir massivt

Nintendo har vist fram den enorme verda i sitt komande eventyrspel.

Under prisutdelinga The Game Awards i Las Vegas i natt viste Nintendo for første gong fram dei første glimta av korleis The Legend of Zelda til Wii U blir i aksjon. Det vi fekk sjå var eit spel som gjev oss ei enorm verd vi kan utforske slik vi sjølv vil. Spelet vil by på ei rekke høge punkt du kan klatre til, og herifrå vil du kunne sjå langt rundt deg. Alt du ser vil det òg vere mogleg å gå til.

Ved å halde Wii U-kontrollaren opp framfor deg kan du sjå rundt deg i førsteperson, og om du ser noko interessant kan du berre merke det for å plassere ein markør i verda som viser vegen.

Wii U-kontrollaren ser elles ut til å først og fremst fungere som eit interaktivt kart.

Solid hestedressur

Link er tilbake for nye eventyr neste år.
Link er tilbake for nye eventyr neste år.

Sidan verda i det nye Zelda-spelet ser ut til å bli den største i serien så langt vil det kunne ta lang tid å kome seg frå eit punkt til eit anna. For å hjelpe på dette er Links gode hesteven Epona tilbake. Nytt i dette spelet er at Epona i stor grad styrer seg sjølv. Som Shigeru Miyamoto og Eiji Aonuma frå Nintendo poengterer i videoen du kan sjå nedanfor, likar ikkje hestar å berre springe inn i tre, og difor vil Epona navigere seg sjølv rundt hindringar i vegen.

Dette vil gje spelaren større fridom til å studere landskapet rundt seg medan han eller ho er i fart. Samstundes vil det gjere det mogleg for spelaren å angripe fiendar i større grad enn i tidlegare spel. Du kan fritt bruke sverd eller boge, og om du hoppar av hesten med bogen i henda, vil tida sakke ned og du vil kunne nytt nokre ekstra sekund for å plassere ei pil.

I presentasjonsvideoen frå Miyamoto og Aonuma kom det ganske skråsikkert fram at det nye The Legend of Zelda-spelet vil bli tilgjengeleg i løpet av 2015. Nokon bestemt dato fekk vi ikkje, men det vil kome etter det nye StarFox-spelet som òg vil bli lansert neste år.

 

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen