Vil du vere med på utviklinga av neste Unreal Tournament?

Epic Games vil inkludere publikum i utviklinga av sitt komande gratisspel.

Epic Games har i dag kunngjort at dei skal gå i gong med utviklinga av eit heilt nytt Unreal Tournament-spel. Epic Games ser føre seg ein ganske spesiell utviklingsprosess, og har via nettsidene sine fortalt at dei har sett saman eit lite team med Unreal Tournament-veteranar som går i gong med arbeidet i dag.

Dette er altså ikkje eit prosjekt som har vore under utvikling ei stund, og Epic Games har difor ikkje verken skjermbilete eller detaljar om korleis spelet vil bli.

Skjermbilete frå Unreal Tournament 3.

Det dei har, er ein plan om ei ganske dristig utvikling. Dei vil at utviklingsprosessen skal vere heilt open, og at alle som vil skal kunne delta, om det så er med tankar og idear, eller modellar og programmering. Nye oppdateringar vil bli delte med samfunnet rundt spelet via Twitch og Epics diskusjonsforum. Der vil ein kunne vere med på å diskutere retninga utviklinga tar på det Epic Games først og fremst vil skal vere trufast mot røtene til serien.

Like spanande er at alle Unreal Engine 4-abbonentar vil få tilgang på både kode og innhald etter kvart som dette blir utvikla. Epic Games sjølve meiner dette er ein glimrande sjanse for aspirerande spelutviklarar såvel som erfarne modderar for å kunne vise kva dei er gode for.

Blir heilt gratis

Så snart Unreal Tournament har nådd alfastatus vil spelet bli gjort tilgjengeleg for alle. Når det omsider blir ferdig, vil det bli gratis, men det er ikkje snakk om nokon gratismodell som tvingar mikrotransaksjonar på brukarane. Alt innhaldet vil bli gratis, men brukarane sjølve vil kunne selje eller gi bort sine eigne kreasjonar på ein marknadsplass. Epic Games vil ta ein prosentandel frå all handel, og det er slik dei ser føre seg å ta betalt for spelet.

Spelet er i første omgang planlagt for Windows, Linux og Mac.

Ved sidan av eit par teknologidemonstrasjonar for grafikkmotoren Unreal Engine 4 har det vore ganske stille frå Epic Games dei siste åra. Selskapet er ved sidan av å ha lage den svært godt brukte motoren Unreal Engine, kanskje best kjende dei siste åra for å ha stått bak den Xbox 360-eksklusive Gears of War-serien.Ved sidan av det nye Unreal Tournament-spelet, jobbar dei for tida med det fargerike zombiespelet Fortnite.

Siste fra forsiden