Neste Xbox blir avslørt i mai

Microsoft har stadfesta at dei jobbar med noko nytt.

Rykta har vore mange, og dei har gått lenge. Sjølv om Microsoft sjølve har vore veldig påpasselege med å ikkje seie noko som helst om kor vidt dei jobbar med ein ny konsoll eller ikkje, har dette så og seie sagt seg sjølv. Det store spørsmålet har vore når vi ville få vite kva Microsoft har jobba med.

Etter at Sony hadde si PlayStation 4-avsløring i februar har presset på Microsoft vore enda større. Det er nok ikkje få der ute som lurer på om Microsoft kan leve opp til det Sony allereie har vist fram.

Kva Microsoft har på lager finn vi snart ut. Om ein knapp månad vil dei avsløre korleis neste generasjons Xbox vil bli. I dag har dei sendt ut invitasjonar til fleire medie der dei ber folk kome til ei avduking 21. mai.

For dei som ikkje er inviterte eller kan kome vil Xbox-avsløringa bli direktesendte på Xbox Live og Xbox.com. Skulle du opphalde deg i statane på dette tidspunktet kan du sjå avsløringa på Spike TV.

Det har vore uhyre mange rykte rundt den neste Xboxen til Microsoft. Få av dei har fått god mottaking. Blant dei mest standhaftige rykta er at neste versjon av Kinect vil vere obligatorisk for kvar maskin, og at konsollen vil krevje å vere tilkopla Internet for å fungere.

Om dette stemmer, og kva spel Microsoft har på lager finn vi ut i slutten av mai.

Les også: Kommentar: PlayStation 4 imponerer ikke Les også: Microsoft-topp forlater selskapet etter Twitter-bråk

Siste fra forsiden