Neverwinter kjem til PlayStation 4

Spelet er gratis og kjem med alle utvidingane.

Cryptic Studios har annonsert at ein versjon av nettrollespelet Neverwinter kjem til PlayStation 4 i sommar. Spelet baserer seg på Dungeons & Dragons' Forgotten Realms, der ein kan velje mellom åtte forskjellege klassar frå universet. 

Neverwinter har vore tilgjengeleg på PC sidan 2013, og på Xbox One sidan i fjor. PlayStation-brukarar vil kunne spele heile basisspelet samt ni utvidingar gratis. Ein treng ikkje PlayStation Plus-abonnement for å spele, men det er venta at det blir mikrotransaksjonar på lik linje med dei andre versjonane. Eksakt sleppdato er enno ikkje tilgjengeleg.

Tekniske problem på Xbox One

Xbox One-versjonen har vore plaga av problem med biletefrekvens, sjølv om spelet støtter 1920x1080 med biletefrekvens på 60. Spesielt i kampsekvensar sliter spelet med å halde ein akseptabel biletefrekvens.

Neverwinter.
Neverwinter. Bilde: Perfect World Entertainment

PlayStation 4-utgava vil antakeleg også kome i 1080p60, som bør kunne takle spelet betre grunna sterkare maskinvare. I 2015 klaga mange på Xbox One-versjonen sin dårlege grafikk i forhold til PC, sjølv om det kom nesten to år seinare til Xbox One. Skjermbilete frå PlayStation gir håp om at grafikken har forbetra seg.  

Vår anmeldar Gøran Solbakken meinte i 2013 at eit sterkt kampsystem saman med flott grafikk gjorde spelet lett å like, til tross for ein lite engasjerande historie. I etterkant av denne omtalen har det kome ei lang rekkje med utvidingar, som legger til mykje nytt innhald. Utviklaren har også lova nye utvidingar. 

Neverwinter er ikkje det einaste D&D-spillet som kjem til konsoll.
Rollespelet Sword Coast Legends kjem til konsoll »

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen