Nifse Outlast får oppfølgjar

Er du klar for meir panisk skrekk?

I uhyggjelege Outlast tek du på deg rolla som ein Miles Upshur, ein reporter som reiser til sinnsjukehuset Mount Massive Asylum for å avsløre dei uetiske planane til selskapet Murkoff Corporation. Der finn han langt meir enn han bad om, og endar opp med å måtte skifte mellom å gøyme seg i frykt, og springe panisk frå psykopatane som held til der.

I eit intervju med Bloody Disgusting har Philippe Morin frå utviklarane Red Barrels avslørt at dei no jobbar med ein oppfølgjar. Til Bloody Disgusting fortel Morin at spelet vil dra nytte av det same universet som dei etablerte med Outlast, men at spelet vil by på nye karakterar, og ei ny setting.

«Vi vil kanskje gå tilbake til Mount Massive Asylum ein dag, men akkurat no har vi nye idear og tema vi vil utforske, og vi trur vi kokar i hop noko heilt spesielt», fortel Morin.

Simultan lansering

Bitande stemning i Outlast, korleis blir oppfølgjaren?
Bitande stemning i Outlast, korleis blir oppfølgjaren?

Når Outlast 2 vil vere ferdig blir det ikkje sagt noko om, men i motsetning til den oppdelte lanseringa hadde på PC, PlayStation 4 og Xbox One, vil dei med Outlast 2 lansere alle versjonane samtidig.

Vi var svært imponerte over Outlast då det blei lansert på PC i fjor haust. At du ganske så forsvarslaus måtte filme og dokumentere det som skjedde på Mount Massive Asylum skapte ei bitane og spesiell stemning. Vår meldar meinte Outlast er eit spel alle skrekkspelfans må prøve:

«Outlast skil seg fra mengda spel tufta på overlevingsskrekk. Som ein av få har Red Barrels forstått at dei skumlaste monstera der ute er dei du må flykte frå, ikkje dei du må drepe. Når vi koplar denne skrekkfaktoren med ei glimrande og særs uhyggjeleg stemning, og ei temmeleg interessant historie, er vi ganske nær ein vinnar.»

Det har så langt vore ein ganske sterk haust for dei som likar litt ubehag i kvardagen. Sega lanserte nyleg intense Alien: Isolation, medan Resident Evil-skaparen Shinji Mikami gav oss utrivelege The Evil Within.

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen