Sniktitt

Ninety-Nine Nights

Alt det du har sett til no er berre barnemat i forhold til dei enorme slagscenene du snart skal få æra av å gå amok i.

Frå Phantagram, selskapet bak Kingdom Under Fire: the Crusaders, og Q Entertainment (Lumines og Meteos) kjem eit av dei villaste og heftigaste action-spela du nokon gong kan håpe på å være vitne til. Her snakkar vi hack ’n slash i kjend stil, om du gir spelet steroider. Har du spelt Dynasty Warriors vil du raskt kjenne deg igjen, men Ninety Nine Nights er meir enn det, mykje meir. Her snakkar vi seriøs masseslakt. Med ein enkelt karakter kan du utslette hærskarar av fiendar i alle størrelsar og fasongar. Gløym alt du har sett før, dette er middelalderslag vi hittil kun har hatt gleda over å vere vitne til på film.

Det tar ikkje lange tida før du innser kva dette spelet handlar om. Du spring rundt med ein av sju heltar, og har nokre soldatar du kan gi enkle ordre til, som angrip og forsvar. Desse soldatane gløymer du uansett ganske raskt når du ser skapningar sakte kome til syne gjennom den tjukke tåka som heng seigt over den store dalen du bevegar deg i. Det må presiserast at dette ikkje er tåke synonymt med dårleg synsvidde. Dette er tåke i ordets rette forstand, den snirklar seg mellom tre og steinar, og å sjå ein gigant av eit troll kome ut av den er nok til bli usikker for kva framtida kan bringe. Eg kunne ikkje sjå noko anna alternativ enn å kaste meg inn i det, og fy pokker så imponert eg skulle bli.

Umiddelbar glede
Ninety Nine Nights er uforskamma enkelt å kome i gong med. Det er av den typen spel du kan ha det moro med umiddelbart. Frå det sekundet du plukkar opp kontrollaren, deler du ut død og øydelegging som ei profesjonell "vaskehjelp". Kamp går først og fremst ut på å trykke på X og Y, desse knappane lar deg slå med forskjellig styrke, og det er mange ville komboangrep å utføre. Du kjenner umiddelbart den rå krafta karakterane i spelet er i bestittelse av. Orkane som stormar mot deg flyr i alle retningar i det du snurrar rundt i lufta og kastar det enorme sverdet ditt rundt deg. Du kan raskt merke at hovudet snur seg frå side til side i det massane med orkar rullar nedover fjellsida. Du rekk knapt registrere kva som er i ferd med å skje før du er midt inne eit vanvittig kaos. Eit kaos der du faktisk har full kontroll.

Kvar gong du drep ein fiende stig ei raud kule opp over han, og dette er innledninga til eit fantastisk element ved spelet. Desse kulene sug du automatisk til deg, og dei fyller opp eit barometer. Når dette er fullt kan du utføre eit orb-angrep der du ved enkle knappetrykk flyg gjennom massane med fiendar som ein dødbringande vind. Dette er i midlertid ikkje alt. Kvar gong du drep ein fiende under eit orb-angrep, kjem det blå kuler over fiendane du har drept. Når barometeret for desse fyller seg opp, kan du utføre noko som på fint heiter "orb spark move". Eg overdriv ikkje om eg seier at haka mi traff golvet ganske hardt då eg såg dette. Dette angrepet utslettar så og seie alt innan rekkevidde momentant, og du kjenner deg definitivt ganske barsk der du står. Og det ser heilt uanstendig flott ut.

Ved sidan av å vere eit spel prega av enorm speleglede, er Ninety Nine Nights definitivt eit vakkert spel. Det som verkeleg imponerar er modellane og spesialeffektane. Heile spelet har eit dybdesyn-filter som fokuserar på karakteren din. Med andre ord er alt som er langt vekke uskarpt, og det same gjeld for det som er nærmare skjermen. Dette har faktisk mange positive sider spelmessig. Du er aldri i tvil om kvar karakteren din er, det er berre å bruke synet og finne området som er heilt skarpt. I tillegg ser det enormt bra ut. Modellane har sylskarpe teksturar som rivaliserar det meste av kva vi har sett til Xbox 360. Det såg heller aldri ut som eit svært levande teppe, slik store hærer i eit spel kan ha ein tendens til å gjere. Dette er så nært vi kjem til å kome store slag i middelalderen på veldig lang tid.

Konklusjon
Ninety Nine Nights ser ut til å bli av den type spel absolutt alle kan ha stor glede over. Det er veldig vanskeleg å legge i frå seg, og eg blei direkte mållaus der eg stod, og det må eg innrømme ikkje skjer ofte. Spelet er enkelt og greit ufatteleg moro. Med dei forskjellige karakterane, kan du spele gjennom kampar og scenario frå forskjellige synspunkt, og spelet skal ha ei levetid på godt over femti timar. Vi kan ikkje sei anna enn at vi gledar oss stort til dette spelet som ser ut til å bli eit fyrverkeri av heftig action. Ninety Nine Nights blir sluppe i Japan i løpet av januar, og sjølv om det ikkje er satt nokon europeisk dato, blei eg forsikra om at det definitivt vil dukke opp i løpet av 2006. Gled deg, det gjer i alle fall eg.

Siste fra forsiden