Anmeldelse

Ninja Gaiden 2

Ah, Ninja Gaiden. Hjartebarnet til Tomonobu Itagaki og Team Ninja, underselskapet hans hos Tecmo. Det er nesten litt vemodig å skulle skrive akkurat dette. For Itagaki har nyleg levert sin avskjed til Tecmo, pent dandert med eit lite søksmål for inntekter han meiner sjefen for selskapet held frå han. Difor blir dette aller siste gong Itagaki er involvert i produksjonen av eit spel i ein serie som, blant beinharde ninja-fans, har gjort karen til ei superstjerne.

Filmklipp fra spillet

Vis større

Video: Ninja Gaiden 2 #9


Etter Ninja Gaiden 2 å døme er kultstatusen hans berettiga. Vi får akkurat det ein kan forvente. Eit kampsystem polert så til dei grader at ein kan bli lettare ør, samt ei historie så blotta for eit meiningsfullt manus at ein må sjå til pornoindustrien for å finne verre.

Som vanleg møter vi ukarismatiske monster, kvinnelege frontparti som får Newton til å vri seg smertefullt i grava, og Ryu, ninjaen som praktisk talt eigenhendig har definert brutal vanskegrad. Han kastar seg rundt i ein piruett av kaldt stål, og høgg armar og bein av fiendane slik at blodet klistrar seg som klarlakk til veggar og golv. På mirakuløst vis får han samtidig tid til å barbere armholene før kvar mellomsekvens.

Pryl eller skambank?

Ninja Gaiden 2 byr i utgangspunktet på to vanskegrader. For å seie det enkelt er ikkje Ninja Gaiden 2 eit spel for dei som berre vil kose seg litt ein time eller to kvar kveld. Det er eit spel som krev at du gir noko tilbake for underhaldninga. Den eine vanskegrada gir deg ei hard, men fornuftig utfordring, og den andre vil mishandle deg så hardt at politiet vil trenge DNA-test for å identifisere deg. Om du er ekstra glad i sjølvdestruksjon, kan du låse opp ei tredje, og enda hardare (verre) vanskegrad.

Det er heilt klart at dette er gjort med hensikt. Ninja Gaiden 2 skal ikkje vere enkelt. Det byr på ei utfordring som praktisk talt tvingar deg til å terpe på den enorme mengda med komboangrep for å ha ein sjanse. Om du berre slår rundt deg som ein anna tulling, vil du bli kasta i bakken med tanngarden først, og sannsynlegvis vil du ikkje bli særleg begeistra for kva spelet tilbyr. Det er ikkje før du lærer deg dei forskjellege våpna å kjenne, og lærer deg å bruke dei skikkeleg, at spelet verkeleg opnar dørene på vidt gap, og viser deg kva det er laga av.

Det handlar om å vere klar for ein kvar situasjon. Er du god nok kan du spele gjennom eit heilt brett utan å miste ein dråpe blod. Sjølv om det oppstår situasjonar som kan tære på tolmodet og innsatsviljen til dei fleste, er det deg det kjem an på. Det er dine ferdigheitar med sverdet som avgjer om du får noko ut av dette spelet eller ikkje, og det er akkurat dette som gjer Ninja Gaiden 2 til eit spel som sparkar bein under alle konkurrentane.

Presisjonskunst

Ninja Gaiden 2 sitt kontrollsystem er så presist at du svært sjeldan kan leggje skulda på spelet om ting går gale. Om du skulle sende ein varulv til dei evige jaktmarker, berre for å brått innsjå at ei skarp klo er på veg mot ryggen din, kan du elegant ordne opp i situasjonen før den blir eit problem. Spørsmålet er berre om du er rask, og dyktig nok. Å bli god i dette spelet krev ein konsentrasjon få spel nokon gong kjem i nærleiken av. Du må vere klar for alt, heile tida. Det er ikkje nok å berre fokusere på å hogge fienden framfor deg i fillebitar. Du må samtidig halde eit auge med dei fire, fem eller seks fiendane som enten er på veg mot deg, eller allereie er i ferd med å sende sine blankpolerte våpen i din retning.

Dette scenarioet kjem til å stresse deg frå sans og samling om du ikkje held tunga rett i munnen, og har konsentrasjon som ein fysikar i ferd med å spalte eit atom. Ryu reagerar lynkjapt på kvart minste knappetrykk, og om du trykker villt på knappane, vil han oppføre seg tilsvarande.

Men kjensla av å lykkast er uslåeleg. Den sanne skjære gleda og stolheita som veltar ut av deg når alt går som det skal, den er noko du sjeldan får erfare. Det er få spel som krev så mykje av deg at du verkeleg kjenner det bruse innvendig når det endeleg går din veg. I starten framstår kanskje spelet som brutalt vanskeleg, men du lærer deg nye angrep heile tida. Du innser korleis du skal ta ein fiende som ved første møte slår deg hardt i bakken, og du lærer deg å handtere dei mest ufordrande situasjonane. Spelet gir deg ingenting. Du får ingen roser, pokalar og ei champagneflaske frå ein lettkledd utstillingsmodell. Belønninga er at du står på to bein lenge nok til å møte neste fiende, og spelet er fantastisk nok til at dette er verdt alt blodslitet.

Litt pussig er det at dei ein gong så fryktelege sjefskampane har blitt nedjustert mange hakk. I Ninja Gaiden til Xbox var det der du verkeleg møtte veggen. Her slit du kanskje ei lita stund, men så snart du har funne rett angrepsvinkel, held dei ikkje lenge. På sett og vis gir dette spelet ei meir balansert vanskegrad, men dei store beista blir ikkje eit klimaks.

Den blodraude slagmark

Før du får tid til å gjere deg kjent med dei forskjellege våpna til Ryu, og får lært deg eit komboangrep eller to, er det ein ting som verkeleg vil slå mot deg; alt blodet. Ninja Gaiden til Xbox hadde kanskje litt blod her og der, men det er ingenting mot den fossen av raud gugge Ninja Gaiden 2 spyr mot oss. Blodet står i strie straumar for kvart slag du sender frå deg. Armar og bein flyr i alle retningar, og fiendane hinkar desperat mot deg på eitt bein.

Det einaste som verkeleg stoggar fienden, er at du høgg hovudet av han og tømmer han fullstendig for blod. Fiendane i Ninja Gaiden 2 vil gjere alt dei kan for å ta deg, om det så er å krype mot deg med ein kropp der berre armane framleis heng fast, før dei grip tak i deg og plantar eit lite eksplosiv som avskjedsgåve. Om du skulle ha dårleg mage vil du sannsynlegvis bli litt dårleg i magen av korleis nokre fiendar brukar lemmer frå sine falne kameratar som våpen. Du vil rynke over korleis Ryu gjer armane til fienden stadig kortare, lik ein kokk kuttar agurk, og du vil utvilsamt mislike måten Ryu kastar dei stakkars fiendane opp i lufta, før han delar ryggrada deira i to med eit velplassert hogg.

Men ærleg talt, korleis går det an å ikkje elske dette? Sjølv om det skulle vere makabert, er det samtidig nydeleg. I tillegg til å vere ein livsfarleg ninja, får du for alvor sjå kor farlege desse våpna er, og det gjer eigentleg litt godt.

Når sant skal seiast får alt blodet, og den vanvittige farten alt skjer i, deg til å oversjå at det strengt tatt ikkje har skjedd mykje på den grafiske fronten sidan Ninja Gaiden til Xbox. Spelet er pent, for all del, men det imponerer ikkje på nokon måte. Om du spring rundt i eit øydelagt by, vil du aldri kunne draume deg vekk. Du vil heller reagere på at havet ser litt livlaust ut, og at det heile verkar litt blast.

Det er berre i kampane ein blir imponert. Intensiteten er enorm, og alt skjer i eit vanvittig tempo. Kroppsdelar flyg, og Ryu kastar seg rundt på skjermen i eit så høgt tempo at det er eit under at spelet ikkje knekk saman i låg bildeoppdatering. Det er yttarst få gongar at spelet stoggar opp, og når det skjer, er det berre for eit sekund medan du går inn i eit nytt område. Eg har enno ikkje erfart at det har påverka kampane.

Eit par dalsøkk

Det er diverre ikkje alt som er like fantastisk. Spelet er ein praktisk talt kontinuerleg himmelsk rus, men av og til skjær det seg. Visse situasjonar er så irriterande at ein rett og slett berre blir sur og gretten, og det er på grunn av ting som lett kunne ha vore forandra på. Først og fremst gjeld dette flygande beist, og fiendar som skyt eit eller anna eksplosivt prosjektil. I seg sjølv er ikkje desse noko stort problem, men når dei kjem i kombinasjon med intens nærkamp, innser du at du finn deg sjølv i ein situasjon du ikkje har mange måtar å ordne opp i.

Du har ingen måte å plukke ned flygeøgler medan du er i nærkamp. Om du skulle prøve å skyte ei pil mot dei, vil pila automatisk søke seg inn mot den fienden som er rett framfor deg. Om du heller prøvar å ta tida til hjelp, og sikte på beistet for eit velplassert skot, vil du bli slått i bakken før du veit ordet av det. Du blir i staden nøydt til å ta deg av dei fiendane som er rundt deg først. Du blir nøydt til å finne deg i at eldkulene vil slå hardt i bakken rundt deg, og drastisk gå ut over helsa di inntil du har drepe dei næraste fiendane. Først då kan du konsentrere deg om å plukke dei flygande djevlane ned med bogen, eller eit kastevåpen du skulle ha tilgjengeleg.

Kameraet er eit anna område som vil kunne vere årsak for ein del irritasjon. Det varierer kor mykje det vil vere til frustrasjon, men som regel vil det plage deg i store, opne område. Dette er fordi dette gir fiendane meir rom for å angripe deg frå forskjellege kantar. Du endar ofte opp med svært dårleg oversikt, og anar ikkje kor mange fiendar du kjempar mot, eller kvar dei er. Kameraet vil i tillegg ofte sykle tandem med dei flygande fiendane, sidan du ikkje veit dei er der, før ei eldkule slår deg i bakken.

Konklusjon

Det er visse ting som godt kunne ha vore gjort betre med Ninja Gaiden 2. Spesielt gjeld det kameraet, men dei flygande fiendane med sine irriterande eldkuler gjer heller ikkje spelet bedre. Dette er likevel ting som i det store og det heile ikkje kjem i nærleiken av å øydeleggje spelet. Du vil kanskje kaste handkontrollen i veggen med rå makt, men du klarar ikkje la den ligge lenge. Du plukkar den opp igjen, og held fram. Ninja Gaiden 2 sparkar rumpa di, men i staden for å bli lei deg, byrjar du å like det, og du vil gjerne ha meir.

Kjensla av å sakte, men sikkert meistre den suverene krigaren Ryu, er til å ta og kjenne på. Spelet tviheld på deg, og dette er takka vere eit kampsystem som er så velpolert og perfeksjonert at det skal godt gjerast å finne noko som rekk det til knea. Kampsystemet i slike spel er alfa omega, og kampsystemet i Ninja Gaiden 2 er Gud.

Vurdering


Ninja Gaiden 2 X360 X360 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. juni 2008
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Tecmo
  • Utvikler: Tecmo

Kommentarer (33)

Forsiden akkurat nå

Til toppen