Anmeldelse

Ninja Gaiden Sigma

Den kampklare ninjaen Ryu er atter ein gong tilbake for å vise kven som kan kunsten å svinge sverd.

Ninja Gaiden både var og er ei perle i historia til den så godt som avdøde Xbox-konsollen. I spelet dansar du rundt som den hardtslåande ninja-helten Ryu, og kastar deg inn i kampar mot minst like hardtslåande fiendar. Ninja Gaiden er ikkje eit snilt spel, det bankar deg ned i grøfta og trampar på deg medan du ligg nede. Det spyttar på deg og ler av den smerte ditt patetiske nederlag har påført deg. Ei smerte så intens at du eigentleg kun har eit alternativ: å prøve på ny.

Det er på sett og vis den perfekte formel; spelet er så vanskeleg at du ofte blir slått i bakken. Samtidig er det så engasjerande at du prøve på ny.

Eg veit ikkje om det er dei tre åra som har gått sidan førre gong vi møtte Ryu, eller om det er fingrane min som er raskare. Men det er noko som har endra seg i denne utgåva av spelet. Eg blir ikkje slått i bakken på nær like mange gangar som før, og stort sett går alt ganske greitt. Eg finn utvegar mykje raskare, og utfordringane er ikkje fullt så brutale som eg hugsar dei.

Forklaringa er vel eigentleg ganske enkel. Dei åra som har gått sidan Ninja Gaiden storma inn på Xbox i 2004, har ikkje stått stille. I konkurranse med vanvittige spel som God of War, er ikkje eventyret til Ryu like imponerande. Han er framleis den barskaste ninjaen i klassen, men konkurransen er hardare no, og den blanke lærdrakta hans byrjar å sjå ut som gummidrakta til ein kappekledd superhelt.

Gamle dagar om igjen

Vi forventar meir. Å leggje til «Sigma» på slutten av namnet er ikkje nok til å selje dette spelet for full pris. Spelet har blitt litt penare sidan forrige gong, men det imponerar definitivt ikkje. Ryu ser ut som ein plastfigur, han har flate og glinsande klede fullstendig utan detaljar. Du tenkjer kanskje ikkje over det når du sender bøtter med fiendar til det hinsidige, men det blir veldig tydeleg når det litt uhandterlege kameraet kjem nær noko. Filmsekvensane som dukkar opp med jamne mellomrom imponerer heller ikkje. Dei er uskarpe og blasse, noko som vitnar om at dette er ein del av spelet utviklarane ikkje har brydd seg med å optimalisere.

Alt dette er noko mange vil finne irriterande, men det betyr ingenting for kor underhaldande spelet er. Uansett kor mange bra spel som har kome ut sidan Ryu for første gong angreip Xbox-en, er det framleis eit hav av rein og skjær speleglede å finne i Ninja Gaiden Sigma. Det er ikkje stort meir enn ein direkte port, men med tanke på kor fantastisk Ninja Gaiden til Xbox er, seier det seg sjølv at Sigma gir fabelaktig underhaldning.

Ryu er den perfekte action-helt. Han er passe cheesy, passe hard, og sjølv om heile spelet osar av å eigentleg vere litt teit, er det samtidig ufatteleg tøft. Du fyrer laus angrep etter angrep, hoppar mellom fiendane, og smell til med eit knallhardt komboangrep. Du møter alltid nye fiendar, nye utfordringar, og du finn alltid nye metodar for å ordne opp i situasjonane på.

Det heile kjem ned til eit kampsystem som er bortimot perfekt. Når du først startar er det lett å bli litt paff over kor vanskeleg spelet umiddelbart er. Gradvis vil du likevel lære deg å bruke Ryu slik han ber om å bli brukt. Du blokkerer angrep, rullar til sida, slår til, hoppar opp og flyr som eit lyn gjennom neste fiende.

Du blir kontinuerleg fora med nye kombinasjonar av knappetrykk, og dei kjem i eit elegant tempo som gir deg tid til å lære dei, før du får noko nytt. Samtidig er spelet tilgjengeleg for deg som får skallebank av å lære deg kombinasjonar. Du vil kanskje ikkje ha det fullt så moro som dei som verkeleg utnyttar Ryu sine villaste angrep, men det betyr på ingen måte at du ikkje vil glise medan du spelar.

Lite nytt

Sjølv om det er ustyrteleg moro å møte Ryu igjen, er som sagt ikkje like friskt og imponerande som det ein gong var. Noko av problemet ligg i at spelet går for full pris. Det hadde vore lettere å akseptere om «Sigma» var skifta ut med eit 2-tal, og vi verkeleg fekk noko nytt å bryne oss på. Men dette er ikkje tilfelle. Det er så lite nytt å spore her at ein kan undre seg på korleis det kan forsvarast å ta full pris for spelet. Det er litt som om nokon forlenger ein film med fem minutt, kallar den «Director's Cut», og sel den på ny. Er det eigentleg verdt det? Det hadde vore meir naturleg å distribuere spelet via PlayStation Network, slik Namco til dømes har gjort med Tekken 5: Dark Ressurection.

Vi finn nokre nye våpen her og der, blant anna eit sett med tvillingsverd som virkelig er ei fryd å spele med, så dette er vel og bra. Men det einaste som verkeleg er nytt, kjem i form av demonjegaren Rachel. Rachel er ei stor nyheit i den forstand at ho har eit frontparti som latterleggjer samtlege duskedamer frå Dead or Alive-serien. Sjølvsagt vaggar fordelane hennar meir enn kva både Newton og Darwin hadde gått med på. Ho er så fullstendig «feil» i alle proporsjonar at ho mistar all sex-appell ho sannsynlegvis er meint å ha. I tillegg spring ho som om ho har ein påle sitjande fast i bakenden.

Dessverre er tida di med Rachel noko du raskt vil gløyme. Ho spring rundt med eit enormt våpen som er ei krysning mellom øks og klubbe, og slår frå seg med større kraft enn kva Ryu kan drøyme om. Dessverre spelar dette svært lita rolle. Fiendane ho møter toler meir enn fiendane Ryu støyter på, og dette gjer styrka hennar ubetydeleg ganske kjapt. I tillegg er ho ikkje like rask som Ryu (sannsynlegvis grunna eit tyngre våpen), noko som gjer ho langt frå like underhaldande å spele med. Resultatet er at Rachel trekk ned den heilheitlege verdien av spelet. Kapitla til Rahcel er fletta inn i historia på ein fornuftig måte, men det er synd dei ikkje held like høg kvalitet som det vi har sett før. Dette betyr ikkje at kapitla til Rachel er dårlege, men det er mykje meir moro å spele som Ryu .

Uansett om Rachel ikkje imponerar med anna enn brystmåla sine, er Ninja Gaiden fantastisk god underhaldning. Akkurat det har ikkje forandra seg. Kontrollen i spelet reagerer umiddelbart, og kampsystemet er ei fryd å bryne seg på. Spelet inneheld i tillegg nye fiendar, og nokre delar av spelet er forlenga eit par hakk. Det er likevel vanskeleg å rose Ninja Gaiden Sigma opp i skyene. Det er mange ting i dette spelet som for tre år sidan var akseptabelt. På PlayStation 3 – ei kraftig maskin med harddisk og Blu-ray-spelar – er optimaliseringa utilgiveleg.

Det som tærer på tolmodet i størst grad, er dei lange lastetidene. Om du skulle døy, vil du sjå deg nødt til å gå gjennom det som framstår som lange og tunge minutt før du er tilbake. Det er irriterande og ganske vanskeleg å forstå kvifor Team Ninja ikkje har prestert å fjerne dei. Ikkje berre er dei lange lastetider noko som burde ha vore luka ut, men når fiendar du har drepe kontinuerleg dukkar opp igjen, er det lett å bli litt lei. Om du kjem inn frå ein kant av eit område, og hamnar i kamp, er det lett å vere litt desorientert når kampen er over. Du spring kanskje vidare gjennom feil dør, springer tilbake, tar fiendane på ny, for så å finne riktig dør.

Konklusjon

Ninja Gaiden Sigma er eit problematisk spel. På den eine sida er det stort sett akkurat det spelet som imponerte på Xbox for tre år sidan. Samtidig er spelet tre år gammalt, og det er ikkje gjort mykje for å forandre på det. Lange lastetider, og nokre ikkje heilt overbevisande kapittel med den nye karakteren Rachel trekk ned – men ikkje nok til å øydeleggje den enorme gleda du får av å terpe ferdigheitene dine.

Uansett korleis ein snur og vender på det, er Ninja Gaiden Sigma eit fantastisk spel. Det byr på mange timar med underhaldning, og sjølv om denne versjonen av spelet med fordel kunne ha vore enda nokre hakk betre, vil du storkose deg. Litt fleire nyheiter ville gjort det lettere å akseptere den høge prisen for eit spel som er tilgjengeleg for Xbox, i budsjettklassen.

Siste fra forsiden