(Bilde: Nintendo)

Nintendo avslører E3-planar

Lovar store kunngjeringar, men droppar igjen den tradisjonelle pressekonferansen.

Kvart år samlast verdas spelindustri i Los Angeles for å slå seg sjølve på brøstet under E3-messa. Tradisjonelt held dei største spelselskapa eigne pressekonferansar der dei for første gong avslører og viser fram nye titlar dei håpar vil få publikum til å fråde. I fjor droppa Nintendo å halde sin eigen pressekonferanse. I staden valde dei å utnytte sitt eige Nintendo Direct-konsept, der dei gav sjåarar over heile verda sjansen til å få med seg dei nye kunngjeringane.

I ei pressemelding i dag har Nintendo fortalt at dei ikkje aktar å halde ein pressekonferanse i år heller. Dei vil i staden byggje vidare på fjorårets konsept, og halde noko dei kallar «Digital Event». Der vil dei kome med detaljar om spel som kjem seinare i år, og framover i tid. Denne vil gå av stabelen tysdag 10. juni kl. 18.00 norsk tid, og vil kunne sjåast via Nintendos nettsider.

Direktesendingar frå messegolvet

Nintendo byr på Smash Bros.-turnering under E3.
Nintendo byr på Smash Bros.-turnering under E3.Bilde: Nintendo, Sora

I tillegg til tysdagens avsløringar vil Nintendo by på noko dei kallar Treehouse: Live @ E3. Dette vil bli direkteseningar frå messgolvet, og ved å feste blikket til desse kan du få med deg presentasjonar av Nintendos komande spel.

For alle Super Smash Bros.-fans vil Nintendo halde ei turnering i Nokia Theatre i Los Angeles. Der vil dei invitere 16 av dei beste Smash Bros.-spelarane. Her vil du få sjå fleire av kampanane i Super Smash Bros. til Wii U for aller første gong. Det heile vil bli sendt direkte over nettet.

I tillegg til pressemeldinga har Nintendo rotta seg saman med Mega 64 for å lage ein video i det som etter kvart må kunne klassiske Nintendo-stil. Den hintar i fleire retningar om kva vi kan vente oss frå Nintendo i løpet av E3-veka.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen