Nintendo har kunngjort ny 3DS-modell

Droppar 3D, men spelar alt av 3DS og DS-spel.

Ved introduksjonen av 3DS blei 3D-funksjonaliteten til den vesle maskina hausa fram som det verkeleg store. I seinare år kan det derimot sjå ut til at den ikkje er så viktig likevel. No har Nintendo i følgje Eurogamer kunngjort ein heilt ny 3DS-modell som vil liggje side om side med den originale 3DS-en, samt 3DS XL.

Den nye modellen har fått namnet 2DS og vil by på nøyaktig den same innmaten som sine brør, bortsett frå at den ikkje kan vise 3D. Som dei andre modellane vil den likevel kunne spele alt av 3DS og DS-spel.

Ved sidan av å sløyfe 3D har Nintendo gjort nokre drastiske designgrep med 2DS. Kamskjelforma er borte til fordel for noko som minnar meir om eit nettbrett. Dei to skjermane ligg tett ved kvarandre med alle knappar plasserte rundt. Såleis blir det ein noko større variant vi har i vente, og ein skal ikkje sjå bort frå at ein vil trenge eit etui om ein vil unngå riper i skjermen.

Verken norsk lanseringsdato eller pris er i skrivande stund på plass. I statane vil den nye maskina koste 130 dollar og kome i sal 12 oktober. Dette gjer 2DS til den billegaste maskina i 3DS-familien og kan kanskje vere ein tanke for dei som enten ikkj kan eller ikkje vil ha spela sine i 3D.

Les også: Anmeldelse: Game & Wario Les også: Deprimerende tall for Wii U

3DS-trailer.

Siste fra forsiden