Nintendo seier nei til japanske indieutviklarar

Slusene er derimot opne for vestlege utviklarar.

Nintendo har gjort eit solid framstøyt den siste tida for å sikre seg støtte frå indieutviklarar på Wii U. Under GDC i San Francisco i mars viste dei fram Unity-støtte, og i tillegg let dei indieutviklarane gje ut spela sine sjølve.

Med det skulle ein kanskje tru at Nintendo gjerne vil huke tak i alt som kan krype og gå av indieutviklarar, men dette har vist seg å vere temmeleg feil. Kotaku fortel at Nintendo sine armar berre er opne om du bur utanfor Japan.

Blank nekt

Dei rapporterer om eit spørjeskjema frå GDC som no har gått sine runder over nettet i Japan. Der står det med lita skrift at Nintendo ikkje tek i mot søknader frå japanske indieutviklarar.

Dette har vakt sterke kjensler blant japanske indieutviklarar. Rice Cake Studios twitra til dømes følgjande melding i respons:

«Å sjå «ingen japanarar» stå skrive på ein internasjonal nettstad er eit så frykteleg syn at det får meg til å grine.»

På det japanske nettforumet 2ch har fleire kalla det heile diskriminering, medan andre ser føre seg det heile kjem ut av ei frykt for at det vil dukke opp mange erotiske spel på Wii U om slusene var opne for japanske utviklarar.

I ein kommentar til Eurogamer fortel Nintendo som svar at dei ikkje tillet japanske indieutviklarar å gje ut spela sine grunna lisensretningslinjene i Japan, utan at dei går i detalj på kvifor det er slik i utgangspunktet.

Les også: Anmeldelse: Game & Wario Les også: Nintendo får ikke bruke WiiU.com

Siste fra forsiden