No kan du duellere i God of War: Ascension

Om du vil utfordre ein kamerat har du endeleg sjansen.

God of War: Ascension var eit noko ujamt spel. Historia imponerte ikkje heilt, men den heilt nye fleirspelarmodusen er eit lovande konsept der vi kanbryne seg på mange artige utfordringar.

Der kan vi hive oss ut i kampar der det berre handla om å drepe motstandarane, eller vi kan prøve oss på Favor of the Gods-modusen som byr på kampar fulle av overordna mål. Karta er fulle av kister, våpen og andre bonusar, samt interaktive kart der du no og då kan finne massive beist i bakgrunnen. Ein ting som mangla var derimot moglegheita for to spelarar til å gå til kamp mot kvarandre.

Bank ein ven

Saknet etter duellering er no historie. Santa Monica Studios har lagt ut ei rykande fersk oppdatering som byr på den heilt nye modusen Bout of Honor. Her kan to spelarar finne ut kven som er best, og det heilt utan å kunne plukke opp våpen og gjenstandar på dei fire karta som har blitt laga til modusen.

Sånn kan det gå.

Utviklarane har gjort nokre balanseendringar for at denne Bout of Honor skal fungere så godt som mogleg. Dei har til dømes fjerna Infinite-angrep, og justert skade på kraftige våpen og komboar.

I tillegg til denne nye modusen kjem den nye oppdateringa med det nye kartet The Whirlpool of Alecto. Dette kartet er eit nytt av dei store Favor of the Gods-karta, og vil la fire spelarar kjempe mot kvarandre medan ein gigantisk leviatan gliser søtt i bakgrunnen.

Oppdateringa er gratis, og tilgjengeleg no.

Les også: – Kratos er ikkje alltid eit rasshøl Les også: Anmeldelse: God of War III

Siste fra forsiden