(Bilde: Revolution Software)

No kan du få med deg slutten på Broken Sword 5

Det vellukka Kickstarter-prosjektet har fått si avslutning.

Broken Sword-serien til Revolution Software er ein av dei meste ikoniske seriane innan peik-og-klikk-sjangeren. Det første spelet i serien blei lansert i 1996 under namnet Broken Sword: The Shadow of the Templars, og introduserte oss for den amerikanske advokaten George Stobbart og den franske journalisten Nico Collard, samt ein haug med historiske konspirasjonar. Spelet markerte seg ved å by på nydelege handteikna bakgrunnar og sterkt skodespel. Oppfølgjaren Broken Sword II: The Smoking Mirror kom året etter.

Etter det blei det stille nokre år før Revolution laga Broken Sword: The Sleeping Dragon i 2003, og Broken Sword: The Angel of Death i 2006. Desse to spela gjekk bort frå den handteikna stilen i dei tidlegare spela, og bydde i staden på full 3D-grafikk, noko ikkje alle var like nøgde med.

Mottakinga var ikkje uventa svært positiv då Broken Sword-skapar Charles Cecil og Revolution Software for to år sidan lanserte ein Kickstarter-kampanje for å lage eit femte spel i Broken Sword-serien. Det ville gå tilbake til den handteikna stilen til dei første spela. Kampanjen blei ein suksess, og i desember blei den første halvdelen av Broken Sword 5: The Serpent's Curse lansert.

Avslutninga er klar

Starten på eit nytt eventyr for George Stobbart.
Starten på eit nytt eventyr for George Stobbart.Bilde: Revolution Software

Det har gått nokre månader sidan lanseringa, og i løpet av den tida har Revolution Software ved sidan av å gjere ferdig siste finpuss på del to av spelet, lagt ut ei stor oppdatering som har gjort det mogleg å spele spelet i høgare oppløysing.

I løpet av påska har Revolution omsider lansert den andre halvdelen av Broken Sword 5, og den er tilgjengeleg som ei gratis oppdatering for alle som har kjøpt spelet.

Utviklarane lovar meir dramatikk, større utfordringar, samt reiser til fleire land som Spania og Irak der Nico og George må prøve å løyse mysteria rundt eit gammalt måleri, og sjølvsagt store trugslar mot ro og orden.

Vi har spelt gjennom første del av Broken Sword 5: The Serpent's Curse, og er spende på kva som skjer vidare:

«Heile historia er over på omtrent fire timar, og avsluttast på ein saftig cliffhanger som fekk meg til å glede meg til neste episode. Revolution Studios har ei stor arv å leve opp til, men så langt har The Serpent's Curse klart å leve opp til forventningane. No får vi berre håpe at avslutninga blir like god som byrjinga.»

Broken Sword 5 er ikkje det einaste Kickstarter-finansierte peik-og-klikk-eventyret som nyleg har fått lansering. I Januar lanserte Double Fine Broken Age.

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen