No kan du melde deg på Final Fantasy XIV-betaen

Den revitaliserte MMO-kalkunen vaknar til live.

Final Fantasy XIV er godt mogleg den største fiaskoen i Square Enix si mangeårige historie. Spelet var på ingen måte ferdig då det blei lansert i september 2010, og reaksjonane var naturlegvis ikkje nådige. Dette fekk dei mektige herrar hos Square Enix til å leggje seg langflate, og i staden for å avlive heile spelet, sette dei inn enorme ressursar for å få det på rett kjøl.

Dette betydde at teamet fekk inn fleire nye folk til å få skuta under kontroll, og med den nye regissøren Naoki Yoshida har Square Enix sakte, men sikkert luka ut feil og forbetra systema samtidig med at dei parallelt har bygd opp ein heilt ny versjon av spelet som har fått namnet Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.

På tampen av året blei den første versjonen av Final Fantasy XIV stengd for spelarane, og no gjer Square Enix seg klare for å sleppe dei første spelarane inn i den nye, fortel Eurogamer. Allereie no kan du melde deg på betaen, og om du blir vald ut til å vere med kan du gjere deg klar til å spele i midten av februar.

Betaen vil gå over fire fasar der den siste fasen blir ein open beta der alle som vil kan vere med. I fase tre opnar betaen for PlayStation 3-spelarar, men du kan likevel melde deg på no om det er den du vil spele. Spelet blir lansert så snart betatestinga er over, og når det blir er sjølvsagt ei veldig relativ sak. Karakterar som blir laga i betafase fire kan brukast i det ferdige spelet.

I samband med betapåmeldinga har Square Enix lansert ein ny av sine snasne minifilmar. Denne gong er det ein forlenga versjon av filmen Square Enix la ut som avslutning for Final Fantasy XIV 1.0, og du kan sjå den nedanfor.

Les også: Tilbakeblikk: Final Fantasy VII
Les også: Ukens podkast: Final Fantasy-spill på Super Nintendo

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn Trailer

Kommentarer (19)

Forsiden akkurat nå

Til toppen