No kan du prøve neste The Settlers

Ubisoft har starta betafasen for det komande spelet i den gamle strategiserien.

I sommar avslørte Ubisoft at tyske Blue Byte er i full sving med eit nytt spel i The Settlers-serien. Strategispela der du skal få eit kongerike på beina med produksjon av alskens varer har variert i kvalitet, men med The Settlers 7 meinte vår mann at dei hadde funne ein formel som fungerte godt.

Korleis The Settlers: Kingsom of Anteria – det neste spelet i serien – vil bli, kan du finne ut no. I dag har Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at betafasen for spelet er i gong, og ved å ta turen til spelets nettstad kan du sjølv registrere deg for ein sjanse til å bli med.

Splittar by og kamp

The Settlers: Kingdoms Of Anteria lovar betre kontroll over produksjonskjedane dine.
The Settlers: Kingdoms Of Anteria lovar betre kontroll over produksjonskjedane dine.

I The Settlers: Kingdoms of Anteria deler utviklarane spelet i to. Etter klager frå spelarane har dei gått til det steg å fjerne all kamp frå strategidelen av spelet. Dette vil gi spelaren tid og rom til å byggje det dei vil, utan å måtte bry seg med irriterande rivalar.

Kampane har fått seg ei totalrenovering. .
Kampane har fått seg ei totalrenovering. .

Ei anna endring kjem av at spelet byr på ei verd som alltid er pålogga. I staden for å måtte byggje nye byar etter kvart som du bryner deg på nye utfordringar, vil vi i staden møte eit stadig vaksande samfunn. Med dette lovar utviklarane i tillegg nye verkty for å effektivisere produksjonen av varer. Kor vidt det vil vere mogleg å spele utan å logge seg på ein server først seier dei ikkje noko om.

Om du er ein av dei som gjerne vil ut i kamp, får du nok av det. Dei gamle soldatgruppene ser ut til å vere borte, til fordel for mindre grupper med krigarar som reiser ut på tokt.

Er du glad i byggespel bør du ta ein kikk på det utfordrande einmannsprosjektet Banished.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen