No kan du spele Final Fantasy IV på PC

Square Enix sin PC-offensiv turar vidare.

Den siste tida har den japanske delen av Square Enix gått frå å så og seie utelukkande satse på konsoll, til å stadig gjere fleire spel tilgjengelege på PC. Det heile starta for nokre år sidan då dei gav ut PC-versjonen av Final Fantasy VII på ny, men det siste året har dei blitt meir offansive.

Dei byrja i det små i mai då dei lanserte den oppussa Nintendo DS-versjonen av Final Fantasy III på Steam, før dei oppgraderte til spel av nyare dato denne månaden med å kunngjere at Final Fantasy XIII-trilogien ville kome til Steam.

Gammal travar om igjen

Japansk rollespel av den gamle sorten har tatt turen til Steam.
Japansk rollespel av den gamle sorten har tatt turen til Steam.

No er enda ein gammal Final Fantasy-klassikar tilgjengeleg på verdas største PC-portal for spel. 3D-versjonen av Final Fantasy IV er no tilgjengeleg på Steam, og som med Final Fantasy III er det med ein Nintendo DS-versjon som utgangspunkt.

Det betyr at sjølv om spelet køyrer i høgare oppløysing enn sin orginalversjon, kan du ikkje vente deg allverda med grafikk. Om du ikkje har ein liten lommekonsoll tilgjengeleg, kan du likevel få med deg dette spelet no. Andre tillegg i PC-versjonen blir vi fortalt er enklare menyar og Steam-prestasjonar.

Final Fantasy IV har dukka opp til ei rekke plattformer opp gjennom åra. Det blei først lansert på Super Nintendo i Japan og USA i 1991, før det seinare dukka opp på PlayStation, GameBoy Advance, Nintendo DS, og PSP. I løpet av dei siste åra har det i tillegg tatt turen til iOS og Android.

 

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen