No kan du spele SimCity utan Internett

Eit år etter lansering er bybyggespelets nettkrav historie.

Sjølv om mange kosa seg med SimCity etter lanseringa i fjor, blei spelet møtt med harnisk frå store mengder spelarar som ikkje ein gong klarte å kome seg inn i spelet. Grunnen til dette var ei katastrofal overbelastning på serverane EA hadde sett opp, noko som førte til ein flaskehals av dei store.

Mange meinte dette ikkje burde ha vore noko problem om EA ikkje hadde tvinga alle spelarane til å vere pålogga kvar gong dei spelet. EA stod derimot på sitt og hevda at spelet var bygd på ein måte som gjorde det umogleg å spele det utan nett.

EA og utviklarane hos Maxis snudde likevel i sitt standpunkt, og kunne tidlegare i år fortelje at ein ny einspelarmodus var på veg. I denne ville du kunne spele heilt utan å logga deg på. I dag har Maxis omsider kunngjort at den nye modusen er på plass, og du kan no spele lokalt utan å bry deg med verda utanfor.

Prøv og feil så mykje du vil

Slik er den nye hovudmenyen i SimCity.
Slik er den nye hovudmenyen i SimCity.

Den nye einspelarmodusen vil effektivt dele SimCity i to. Det gamle spelet du kjenner frå før vil vere akkurat slik du hugsar det, og tilgjengeleg gjennom fleirspelarmodusen. I einspelarmodusen vil òg det meste vere slik du kjenner det, med det unntak at du ikkje har tilgang på ting som skylagring, den globale marknaden, SimCity World og poengtavler.

I staden får du sjansen til å lagre så mykje du berre vil, noko som opnar opp for prøving og feiling i stor stil. Du kan no lagre fleire variantar av regionen din slik at du ikkje risikerer noko om du skulle få lyst til å prøve noko vågalt. Du kan i tillegg slå av autlagringa slik at du har full kontroll på filene dine.

Nedanfor kan du sjå ein video av korleis den nye einspelarmodusen i SimCity fungerer i praksis.

Om du er glad i å mimre bør du ta ein kikk på vårt SimCity 2000-tilbakeblikk.

Kommentarer (23)

Forsiden akkurat nå

Til toppen