No kan du spele Square Enix sitt mobilrollespel på Vita

Chaos Rings er ute på PlayStation Mobile.

I 2010 lanserte Square Enix det japanske rollespelet Chaos Ring på iOS. Det var Square Enix sitt første store forsøk på å lage omfattande spel mynta på ein mobil marknad. Spelet var eit tradisjonelt rollespel meir i gate med dei tidlegare PlayStation 1-spela enn nyare spel, og bydde på statiske bakgrunnar og turbaserte kampar.

Chaos Rings blei ein solid suksess for Square Enix, og fekk god mottaking både frå kritikarar og publikum. Spelet fekk omsider eit forspel som tek føre se kva som skjedde før Chaos Rings, samt oppfølgjaren Chaos Rings 2. Med tida har spelet blitt flytta over på nye plattformer som Android og Windows Phone 7.

Tradisjonelle kampar i Chaos Rings.

No er det tid for enda ei ny plattform. VG247 fortel at Square Enix har lansert Chaos Rings på PlayStation Mobile. Dette betyr at spelet ikkje berre er tilgjengeleg på mobilar som støttar PlayStation Mobile, men og på PS Vita.

Om du vil spele Chaos Rings på Vita kan du i tillegg bruke knappar og styrestikka om trykkskjermar ikkje heilt er di greie.

Chaos Rings er tilgjengeleg på PlayStation Store no.

Les også: Sniktitt: Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX Les også: Sniktitt: Final Fantasy X/X-2 HD Remaster

Siste fra forsiden