Nobuo Uematsu tar farvel med Square Enix

Etter 20 år med klassiske melodiar på rekke og rad, ser det ut til at fantasien tok slutt for Nobuo Uematsu.

Då ser det ut som om vi ikkje lengre kan forvente oss at musikken i framtidige storsatsingar frå Square Enix er signert Nobuo Uematsu. Han har stått bak klassiske perler frå samtlige Final Fantasy-spel, og har nok fått meir enn ein gamer til å felle ei tåre.

Nobuo Uematsu sin offisielle fanklubb har bekrefta nyheita, og fortel at oktober var hans siste månad hos Square Enix. Frå og med november (les: i dag), byrjar han i eit nytt selskap ved namn "Smile Please". Uematsu sjølv hevdar det blir for ekstremt å kalle dette å slutte, sidan han fortsatt vil vere tilgjengeleg for Square Enix, om dei skulle ynskje det.

Grunnen hans for å forlate Square Enix er at han frå no vil gjere ting i sitt eige tempo. Han har vore opptatt med fleire prosjekt i det siste, inkludert "The Black Mages", eit rockeband som spelar versjonar av Final Fantasy-låter. Han planlegger å fortsette å lage musikk for spel, så alt håp er nok ikkje ute, men det er nok sannsynleg at han ikkje begrensar seg til å jobbe for Square Enix.

Siste fra forsiden