Norsk grøssar kjem til Xbox One

Among the Sleep sprer uhygge på enda ei plattform.

Norske Krillbite Studio har fått internasjonal merksemd med sitt grøssarspel Among the Sleep. I dette spelet tek du på deg rolla som ein liten baby som må kome seg gjennom alle dei gufne utordringane nattas mørke bringer med seg.

Spelet blei lansert på PC for eit år sidan og har selt over 100 000 eksemplar sidan då. Det har lenge vore kjent at Among the Sleep er på veg til PlayStation 4 der det vil få støtte for Sonys VR-brller Morpheus, men no har Krillbite i ei pressemelding avslørt at Among the Sleep i tillegg vil lanserast på Xbox One.

Når dei to konsollversjonane av spelet skal lanserast veit vi førebels ingenting om.

Vant pris på Nordic Game Awards

Among the Sleeps mørke nattevandring kjem til Xbox One.

Among the Sleep stakk av med prisen «Best Artistic Achivement» under Nordic Game Awards førre helg. Det var eitt av to norske spel som fekk fjær i hatten den helga. DOS Studios fekk òg pris for beste nordiske mobilspelet med Size DOES Matter.

Vi likte godt Among the Sleep då vi testa det i fjor, sjølv om det ikkje var eit heilt problemfritt eventyr:

«Among the Sleep er nok ikkje den grøssaren mange hadde forventa. Dette er ikkje Amnesia med ein baby i hovudrolla, men eit spel som har ein høgst verkeleg bodskap det ynskjer å få fram. Og det synes eg det klarar, sjølv om eg har problem med delar av gjennomføringa. Krillbite kan i det store og heile vere stolte av sitt første spel, men det er ikkje utan forbetringspotensiale.»

Krilbite er for tida i gong med utviklinga av eit nytt spel. Barnet heiter Mosaikk og fekk nyleg 1,5 millionar kroner i støtte frå Norsk filminstituttt.

Siste fra forsiden