Norsk indieperle til PlayStation Vita

Teslagrad frå bergensarane i Rain Games gjestar ei ny plattform.

PlayStation Vita har etter kvart blitt ei populær plattform for indiespel. Sony har satsa stort på å lokke dei små utviklarane til plattformene sine, og lanserte i fjor ein eigen indie-portal på PlayStation Store.

Ein av utviklarane som lagar spel for Sony-konsollar er bergenske Rain Games. Dei lanserte i desember det artige spelet Teslagrad. Ein PlayStation 3-versjon av spelet blei kunngjort i fjor, og i dag har dei via PlayStation-bloggen fortalt at dei har bestemt seg for å lage ein versjon til PlayStation Vita òg.

Actionfritt eventyr

Stemningsfull utforsking i Teslagrad.
Stemningsfull utforsking i Teslagrad.

Teslagrad er eit spel i Metroidvania-sjangeren, altså, spel som er inspirert av korleis dei gamle Castlevania- og Metroid-spela var skrudde saman. Det er eit sideskrollande spel der du skal utforske tidvis store område. I motsetning til spela det henter inspirasjon frå handlar Teslagrad om å løyse ulike gåter. Det meste av spelet går med på å bruke elektromagnetisme for å manipulere magnetar.

Vi var svært nøgde med spelet, og Bjarte klinka til med åtte poeng til det han meinte var eit nydeleg og utfordrande spel:

«Dei gav meg aldri nokon grunn til å tvile: Bergensbaserte Rain har gjort ein kjempejobb med Teslagrad. Frå første sekund av introduksjonen kjende eg at dette var ei verd som eg hadde lyst til å utforske. Grafikken er vakker, musikken er diskré stemningsskapande, problemløysinga er logisk og tilfredsstillande. Eg har i det heile lite å utsetje på dette spelet.»

Teslagrad blei lansert for Windows, Mac og Linux 13. desember, i tillegg til PlayStation Vita og PlayStation 3 er ein Wii U-versjon under utvikling. PlayStation 3- og Wii U-versjonane vil dukke opp i løpet av våren, medan PlaySstation Vita-versjonen kjem til sommaren.

Om du er nysgjerrig på kva andre norske indieutviklarar driv på med bør du få med deg vår reportasje frå SpillExpo, der vi tok ein kikk på nokre norske spel.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen