Norsk rollespel i mål på Kickstarter

Endeleg suksess for gjengen bak Earthlock: Festival of Magic.

Det norskutvikla rollespelet Earthlock: Festival of Magic klatra i dag over målstreken for sin Kickstarter-kampanje. Dette er gode nyhende for utviklarane hos Snowcastle Games, som før jul avslutta sitt første forsøk på ein Kickstarter-kampanje grunna for dårleg oppsluttnad. Grunnen til den dårlege utteljinga var ikkje nødvendigvis at folk ikkje ville ha spelet, men det fekk litt konkurranse frå små hendingar som lanseringa av PlayStation 4 og Xbox One, samt jula.

Etter å ha skrudd ned kampanjemålet frå 1,5 millionar kroner til 900 000 kroner, og lansert kampanjen på ny har Snowcastle Games endeleg fått den suksessen dei har håpa på. Med over ein dag igjen har utviklarane gode sjansar til å sjå mot vidare mål på kampanjen. Blant måla finn vi ting som nye sjefskampar, orkestermusikk, og nye område.

Japansk inspirasjon

Earthlock: Festival of Magic blir eit fargerikt og turbasert rollespel.
Earthlock: Festival of Magic blir eit fargerikt og turbasert rollespel.

Earthlock: Festival of Magic hentar mykje inspirasjon frå tradisjonelle japanske rollespel. Vi møter ei fargerik verd full av merkelege skapningar, samt eit turbasert kampsystem som vil gje deg tid til å tenkje over kvart trekk. Dette kampsystemet byr på nokre finurlege vriar, der den mest markante kanskje er at du i staden for å bruke separate krigarar i kampane, vil styre par.

Ein viktig del av å førebu seg på kamp vil vere å setje saman desse para, og velje kven som skal vere i forsvar, og kven som skal angripe.

På toppen av dette må du dyrke og sanke din eigen ammunisjon, og det ser ut til å bli viktig å tenkje over kva du trur du vil trenge i framtida.

Tidlegare har Snowcastle Games kome seg gjennom Steam Greenlight, samt at dei sikra seg 1,2 millionar kroner frå Norsk Filminstitutt førre månad.

Earthlock: Festival of Magic vil bli lansert for Windows, Mac, Linux, PlayStation 4, Xbox One og Wii U mars neste år.

Om du lurer på kva som skjer i den norske indieverda bør du få med deg vårt intervju med Krillbite Studio.

 

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen