Norsk vikingspel har fått dato

Snille troll må forsvare seg mot slemme vikingar i februar.

Slik historia gjerne går blir troll sett på som stygge beist som kan lukte kristenmanns blod, og drep og et det meste som kan krype og gå. Denne vinklinga er ikkje norske Megapop heilt einige i, og har laga det Plants vs. Zombies-liknande tårnforsvarspelet Troll mot Vikinger.

I dette spelet må dei snille trolla forsvare seg mot ein invasjon av krigslystne og godt drukne vikingar. Spelet har fått 2,2 millionar kroner i støtte frå Norsk Filminstitutt, og i ei pressemelding i dag fortel Megapop at spelet vil lanserast på iOS 26. februar. Versjonar for Android og PC vil lanserast i løpet av våren og sommaren.

Ny vri på etablert formel

Det er ikkje greit å vere troll når vikingane kjem på besøk.

Spelet vil by på eit oppsett som minnar mykje om det vi kjenner frå Plants vs. Zombies. På eit rutenett kan ein plassere ulike troll for å slå tilbake mot dei stadige bølgjene med vikingar. Utviklarane vil ta formelen eit steg vidare, og lar deg flytte på figurane på brettet. I tillegg vil historia gå over fleire årstider, og kvar årstid vil by på nye utfordringar. I sjefskampar vil vi møte norrøne gudar som Tor og Odin.

Troll mot Vikinger blir gratis å spele, og utviklarane håpar å freiste både erfarne og nye spelarar med ei justerbar vanskegrad som let deg finne den utfordringa som passar deg.

Megapop er eit studio grunnlagt av fleire norske bransjeveteranar som tidlegare har jobba hos selskap som Funcom, Artplant og Innerlopp. Saman har dei vore med på å utvikle spel som Age of Conan, Anarchy Online og Drømmefall.

Om du har lyst til å prøve eit anna spel laga i Noreg kan solide Teslagrad vere verdt ein kikk.

Siste fra forsiden