Norske Savant Ascent er på veg til PlayStation 4

Blir D-Pad Studios musikalske actionorgie ein konsollhit?

For mange lesarar er nok D-Pad Studio best kjent for plattformspelet Owlboy, sjølv om spelet enno ikkje er ferdig. I fjor sommar lanserte dei derimot eit heilt anna spel som har rukke å hauste mange positive tilbakemeldingar hos spelarane, samt vinne Gullstikka for årets beste norske spel.

Dette spelet er actionfesten Savant Ascent, som dei laga saman med musikaren Savant. Spelet byr på todimensjonal action i eit skyhøgt tempo, medan musikken til Savant spelar i bakgrunnen.

Spelet har så langt vore tilgjengeleg på PC og mobile plattformer, men i dag har D-Pad Studio via PlayStation-bloggen kunngjort at spelet er på veg til Playstation 4. Når dette vil skje er derimot ikkje klart.

Eit annleis musikkspel

Lekker pixelaction i Savant Ascent.

I Savant Ascent tek du på deg rolla som musikaren Savant slik han framstår på albumomslaget til Savants femte plate. Ein kreasjon D-Pad Studios Simon S. Andersen står bak. I løpet av spelet kan du låse opp nye låter frå plata til Savant, og dei fungerer samtidig som oppgraderingar for den musikalske actionhelten.

Du kan når som helst skifte bakgrunnsmusikken, noko som får direkte innverknad på spelet, og i følgje D-Pad Studio oppmodar spelaren til å prøve nye måtar å knuse fiendane på. Actionspelet har stort fokus på harde utfordringar og kjappe refleksar.

Om du vil vite meir om Savant: Ascent og D-Pad Studios bør du ta ein kikk på vårt intervju med gjengen frå Askøy. Dei har òg dukka opp i ein podkast der dei fortalde om korleis Savant: Ascent blei til.

Siste fra forsiden