Ny Dragon Age: Inquisition-ekspansjon er lansert

Jaws of Hakkon byr på nye utfordringar for Xbox One- og PC-publikummet.

EA

BioWares storslagne rollespel Dragon Age: Inquisition har nett fått seg ei solid utviding i ekspansjonspakka Jaws of Hakkon. Utvidigna er lansert på Xbox One og PC i dag, men noko tidspunkt for når den dukkar opp på andre konsollar, deriblant PlayStation 4 har vi ikkje fått.

I Jaws of Hakkon får vi vite kva som skjedde med den siste inkvisitoren i Thedas. Ekspansjonen skal by på eit massivt nytt område der tjukk villmark sender oss i møte med jegarfolket Avvar.

Storslagent rollespel

Dragon Age: Inquisition er det tredje spelet i rollespelserien Dragon Age frå veteranane hos Bioware. Det første spelet i serien var tenkt som ein arvtakar etter dei gamle Baldur's Gate-rollespela, men serien har utvikla seg mykje sidan den gong.

Val, konsekvensar, og makta til å styre di eiga historie er viktige element i Dragon Age: Inquisition, og i vår vurdering meinte vi BioWare hadde gjort ein svært god jobb i å få alt dette til å klaffe:

«Dragon Age: Inquisition grip fatt i deg frå første stund, og slepp ikkje taket før du har vore med på eit spanande, involverande, og langt eventyr. Den enorme verda ein får utfalde seg i, og dei mange gode figurane som du kan bruke timesvis på å prate med, gjer at du knapt treng å kjøpe deg nokre andre spel på denne sida av nyttår.»

Denne veka lanserast eit anna rollespel inspirert av gamle klassikarar. Rollespelveteranane hos Obsidian er klare med sitt Kickstarter-finansierte spel Pillars of Eternity 26. mars.

Siste fra forsiden