Ny helt i neste Assassin's Creed

Ubisoft har ingen planar om å starte ein ny trilogi.

Eit nytt år betyr eit nytt Assassin's Creed. Serien har blitt ei årleg affære, og sjølv om kvaliteten på spela jamt over har vore høg, er det ikkje alle som er like nøgde med utviklinga. Sjølv om vår anmeldar var full av ros for Assassin's Creed III – som er det førebels siste spelet i rekka – kom spelet på andreplass på lista over dei spela lesarane våre var mest skuffa over i fjor.

Dette ser derimot ikkje Ubisoft til å bry seg stort om. I følgje Eurogamer har Assassin's Creed III no selt heile 12 millionar eksemplar, og er utan tvil blant dei største og viktigaste spelseriane Ubisoft har.

Vink farvel til Connor sin Tomahawk.
Vink farvel til Connor sin Tomahawk.

Ikkje uventa er eit nytt Assassin's Creed-spel på veg. Dette spelet vil kome ut i løpet av neste finansår, noko som vil seie at det dukkar opp ein stad mellom april i år og mars neste år. Sidan Alle Assassin's Creed-spela så langt har dukka opp i dei kalde haustmånadane, er det likevel mest sannsynleg at vi får eit nytt spel i år òg.

I motsetning til Assassin's Creed II som fekk to direkte oppfølgjarar, vil vi ikkje møte fjorårets helt Connor igjen. Det neste spelet i serien vil by på ein ny helt i ein ny tidsperiode. Teamet som lagar spelet vil samtidig vere heilt nytt, og Ubisoft fortel via Eurogamer at kvart Assassin's Creed-team no får mykje lengre tid på å lage spela sine enn før.

Kva plattformer spelet vil dukke opp på blir det ikkje sagt noko om. Ein skal likevel ikkje sjå bort i frå at spelet vil dukke opp på dei nye konsollane til Microsoft og Sony, som etter alt å døme vil dukke opp mot slutten av året.

Er du klar for meir Assassin's Creed, eller er appetitten metta?

Les også: Anmeldelse: Assassin's Creed III: Liberation
Les også: Hva er det Assassin's Creed-studioet sysler med?

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen