Ny Hitman-kontrovers

Kortvarig Facebook-promo sende Agent 47 etter vener basert på penis- og brystmål.

Reaksjonane var ikkje akkurat positive etter at Square Enix og IO Interactive tidlegare i år lanserte ein promovideo for Hitman: Absolution der Agent 47 i sakte kino avretta ein gjeng latexkledde nonner. Folk viste avsky og skulda videoen for å vere objektiviserande og ufin, noko som til slutt fekk Io Interactive til å gå ut og beklage videoen.

Etter den fadesen skulle ein nesten tru Hitman-teamet ville trå meir varsamt, men det ser ikkje slik ut. I følgje Eurogamer la dei tidlegare i dag ut ein promokampanje på Facebook der du kunne velje vener Agent 47 skulle avrette.

Det var ikkje snakk om å berre velje ut vener som fortente å døy, du skulle i tillegg gi Agent 47 diverse kjenneteikn å gå etter. For kvinner kunne dette vere alt frå små bryst og hårete leggar, til store øyre og stygt hår. For mannfolka kunne du blant anna velje liten penis og fælt hår som kjenneteikn.

Naturleg nok – får ein seie – kom reaksjonane kjapt.

«Med den forferdande aukinga av internetmobbing verkar det ganske risikabelt å leggje ut ein app som oppfordrar til mobbing,» skreiv Sarah Wellock frå Rocksterady Studios på Twitter.

Etter få timar var promokampanjen borte, og Square Enix la seg langflate:

«Tidlegare i dag lanserte vi ein app basert på Hitman: Absolution som let deg bestille eit virtuelt drap på Facebook-venene dine. Bestillingane var berre synlege for mottakaren, og kunne berre bli sendt til vener. Dette var ein total skivebom frå oss, og etter tilbakemeldingar bestemte vi oss for at det beste var å raskt fjerne den fullstendig. Det har vi no gjort.

Vi beklagar om vi har støytt nokon.»

Kva trur du? Er dette berre dårleg og lite gjennomtenkt utføring av ein god idé, eller er berre tanken på å innvolvere Facebook-vener på denne måten noko ein bør styre unna?

Les også: Anmeldelse: Hitman: Absolution Les også: – Absolution handler om å prøve noe nytt

Siste fra forsiden