Ny Kickstarter frå Double Fine

Selskapet som starta Kickstarter-bølgja vil lage taktisk strategi.

Braksuksessen Double Fine hadde med sin Kickstarter-kampanje for det tradisjonelle eventyrspelet som nyleg fekk namnet Broken Age endra spelverda fullstendig. I kjølvatnet av kampanjen dukka fleire og fleire både nye og etablerte utviklarar opp med konsept dei ville finansiere utan hjelp frå utgjevarar.

No er gjengen som starta det heile tilbake igjen, og dei har lansert ein Kickstarter-kampanje for strategispelet Massive Chalice. Denne gong er det ikkje Tim Schafer som sit ved styrespakane, men i staden er det Brad Muir som står for konseptet. Han var programmerer på Psychonauts, designer på Brütal Legend, og var hovudmannen bak tårnforsvarspelet Iron Brigade. I Massive Chalice håpar han og teamet hans å lage eit taktisk strategispel i same gate som X-Com, Final Fantasy Tactics og Fire Emblem. Samtidig er dei sterkt inspirerte av Game of Thrones og vil inkludere mange politiske intriger.

Kart frå verda i Massive Chalice.

Todelt fantasystrategi

Massive Chalice blir eit spel splitta i to delar. Den eine blir taktiske kampar med små grupper med heltar som blir sterkare og flinkare etter kvart som dei blir eldre og meir erfarne. At heltane dine eldast fører derimot med seg ein ganske stiv pris; død er permanent.

Dette sender deg kjapt over i strategidelen av spelet. Her overser du kongeriket ditt i det Double Fine lovar blir ei middelaldersk fantasyverd. Du kan arrangere kongelege bryllaup, forske fram ny teknologi, og gjere omfattande avgjersler for kongeriket ditt.

Å arrangere bryllaup har ein svært viktig funksjon i Massive Chalice. Om du har to kraftige heltar kan du få dei til å gifte seg slik at dei får eit avkom som godt mogleg får dei beste eigenskapane til foreldra sine. Når ein helt døyr vil dei samtidig etterlate seg uvurderlege gjenstandar som avkomet deira kan bruke for å bli endra sterkare enn sitt opphav.

Noko nytt kvar gong

Massive Chalice er eit spel tenkt for berre ein spelar, men Double Fine vil likevel sørgje for at du får noko nytt å bryne deg på kvar gong. Kvart nye spel vil introdusere deg for eit tilfeldig samansett knippe av mannlege og kvinnelege heltar. Spelet vil innehalde fleire andre tilfeldige element som kan sende historia i nye retningar.

Double Fine ber om 750 000 dollar for å få ferdig spelet som dei vil gi ut til Windows, Linux og Mac. I skrivande stund er dei allereie godt på veg mot 100 000. Vi skal med andre ord ikkje sjå bort frå at dette blir enda ein suksess for Double Fine. Kickstarter-videoen kan du sjå nedanfor, og den er ikkje uventa fylt til randen med Double Fines sofistikerte humor.

Les også: Torment-oppfølgjaren sette Kickstarter-rekord Les også: Project Eternity runder av med ny Kickstarter-rekord

Siste fra forsiden