Ny Kickstarter-kampanje frå Wasteland 2-studioet

inXile droppar den tradisjonelle distribusjonsmodellen.

For knapt eit år sidan avslutta inXile den vellukka Kickstarter-kampanjen for Wasteland 2. Dette spelet blir oppfølgjaren til eit spel som på sett og vis var det aller første spelet i Fallout-serien. Som i Fallout møter vi ei post-apokalyptisk verd full av sære personar og taktiske kampar.

Wasteland 2 skal etter planen lanserast i oktober, men allereie før det spelet er ferdig har inXile-sjef Brian Fargo kunngjort at dei vil starte opp ein ny Kickstarter-kampanje. Denne gongen gjeld det ein andeleg oppfølgjar til enda eit klassisk spel. Mange kjenner nok rollespelperla Planescape: Torment, og over eit tiår seinare kjem det no omsider ein oppfølgjar.

Slik såg Planescape: Torment ut. Korleis blir oppfølgjaren?
Slik såg Planescape: Torment ut. Korleis blir oppfølgjaren?

inXile eig ikkje lisensen til Planescape-varkemerket, men har i staden sikra seg Torment-namnet. Den andelege oppfølgjaren får namnet Torment: Tides of Numenera, og blir basert på Numenera-universet til Monte Cook. Han var på si side ein av hovuddesingarane på Planescape: Torment.

Numenera-universet blir eit mørkt univers der gamle sivilisasjonar har forsvunne, men har etterlate seg gamle krefter som har fått namnet numenera. Desse kreftene kan gi folk makt, evig liv, eller la dei hoppe fram og tilbake i tid. Eit menneske som har leika seg med desse kreftene oppdagar ei uventa bi-effekt; deg.

Utelukkande Kickstarter

Vi har enno til gode å sjå mange resultat av skredet av Kickstartar-kampanjar som flomma over oss i fjor. Likevel har inXile valt å finansiere Torment: Tides of Numenera via Kickstarter. Grunnen er veldig enkel, fortel VenturBeat som har snakka med Brian Fargo.

inXile har gått over til eit fokus på digital distribusjon, og for ein mellomstor utviklar som inXile kan det vere vanskeleg å få finansiell støtte frå utgjevarar.

«Dette er grunnen til at vi skapar ein forretningsmodell av Kickstarter. Det er ikkje ei eingongsgreie for oss, og vi håpar lynet slår ned to gongar,» fortel Fargo til Venturebeat.

Mykje av arbeidet på Wasteland 2 er allereie ferdig, og Fargo vil samle saman eit designteam som kan gå i gong med grunnarbeidet. Når Wasteland 2-teamet er ferdige med å byggje Wasteland 2 seinare i år, vil dei gå rett over på Torment: Tides of Numenera. Allereie no har Fargo ti skribentar og fire kunstnarar klare til å setje i gong arbeidet med det nye Torment-spelet.

Gamle heltar om igjen

Fleire Kickstarter-kampanjar det siste året har kome frå gamle heltar som har slått seg saman igjen for å lage spel i sjangrane dei originalt blei kjende for. Wasteland 2 er eitt døme på dette, men Obsidians Project Eternity, samt Double Fines eventyrspel sender òg erfarne utviklarar ut på gamle trakter.

Torment-teamet vil på same måte inkludere fleire av originalutviklarane. Blant dei finn vi Brian Fargo som var svært viktig i å få Planescape: Torment på beina, den tidlegare nemnde Monte Cook og komponist Mark Morgan. Chris Avellone som fungerte som skribent på Planescape: Torment blir ikkje med denne gong, men fortel oss i staden gjennom ein video du kan sjå nedanfor kvifor dette er noko vi bør glede oss til.

inXile har som målsetjing å ha ferdigutvikla Torment: Tides of Numenera til juletider neste år. Kickstarter-kampanjen for spelet startar på onsdag.

Les også: – Vi prøver å gjenskape følelsen fra Planscape: Torment
Les også: Planescape: Torment-skaperen vil bistå Wasteland 2

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen